• Dette er hårreisande. Reine galskapen. Vi kan ikkje sitje med hendene i fanget og sjå på at dette skjer, seier Jean Nilsen.

Astmatikaren er mangeårig pasient hos Dr. Knut Håvågs praksis, og svært opprørt over vedtaket i Helse Vest.

Jean Nilsen har derfor spontant sett i gang ein underskriftskampanje for å behalde praksisen i Bergen. Etter berre få dagar har fleire hundre pasientar og pårørande skrive under på protesten, som skal overleverast leiinga i Helse Vest.

— Lurer på om dei er klare over kor lang tid det tek å kome til hos spesialist? Hugs at pasientane ikkje kjem for moro skuld. Kor lenge må vi stå i kø før vi får hjelp heretter, spør ho fortvilt.

— Dr. Knut Håvåg var ein fantastisk lege og ein stor kapasitet, og det er også etterfølgjaren hans, Torgeir Storaas. Men det er ikkje han som tapar på dette, men vi pasientar. Dette kjem eg ikkje til å gje meg på, seier Nilsen kamplystent.