Ein gjennomgang av reiserekningane viser at Karlsvik har fått godkjend alle typar utlegg han har førd opp. Her har det ikkje vore noka form for overprøving eller omgjering. Derimot er summane i reiserekningane i ei rekke tilfelle justert ned. Det kjem av at Karlsvik ofte har nytta for høge diettsatsar eller gjort reknefeil.

— Stort problem

— Godkjenning av reiserekningar for leiarar er eit stort problem. Til nærare ein kjem toppen av pyramiden i eit hierarki, di større blir dette problemet, seier ekspedisjonssjef Hans Conrad Hanssen i Riksrevisjonen, til Bergens Tidende.

Han presiserer at han uttalar seg på generelt grunnlag - ikkje om den aktuelle saka.

— Det er mykje vanskelegare for ein underordna å ta eit oppgjer om ei reiserekning enn for ein overordna. Berre det å stille spørsmål om det er tilstrekkeleg dokumentasjon og behov, kan vere vanskeleg. Problemstillinga er i seg sjølv vanskeleg, og det er vanskeleg å finne ei løysing. Til sjuande og sist står og fell det ofte med moralen til den einskilde og dei etiske retningslinene, seier Hanssen.

Krav om godkjenning

— Den generelle regelen er at det skal ligge føre ein reiseordre, godkjend av ein sjef, for eikvar reise. I neste omgang skal reiserekninga godkjennast av ein sjef over den som har gjennomførd reisa, opplyser pressetalsmannen i Forsvarsstaben, brigader Geir Anda, til Bergens Tidende.

— Dette har vore den normale regelen. Men i visse tilfelle kunne ein fråvike dette regelverket dersom det var gode grunnar for det. Då måtte rekningane godkjennast av to personar, ein som kunne attestere og ein som hadde tilvisingsmynde. Denne opninga hadde ein fram til 1. november 2003. Då vart reglane skjerpa slik at reiserekningar kravde godkjenning frå ein overordna, seier Anda.

Karlsvik sin sjef, som skolesjef i Bergen, var generalinspektøren for Sjøforsvaret, som sat i Oslo.

Kommandørkaptein Odd Arne Nissestad har i fleire år vore nestkommanderande ved Sjøforsvarets skoler i Bergen.

Han har i mange tilfelle vore den som har godkjend reiserekningane til sjefen, Atle Karlsvik.

Nissestad vil ikkje svare på korleis dette kunne skje, om det var eit system han og Karlsvik innførde eller om han «arva» det då han tok til i stillinga. Nissestad seier at han ikkje får lov til å uttale seg om saka.

- Burde vore oppdaga

— Det har vore ein svikt i desse rutinane, slik vi ser det nå, i saka som gjeld Karlsvik. Ein del av dette burde ha vore oppdaga og korrigert. Samstundes er det eit problem at dersom du sit i Bergen og har ein sjef som sit i Oslo, blir det tungvint å fylgje den generelle regelen. Det blir enorme mengder papir, seier Anda.

Anda opplyser at økonomisjefen i forsvarsstaben på eit sjefsmøte like før Karlsvik-saka sprakk, innskjerpa regelverket som seier at reiserekningar skal godkjennast av overordna og lineleiarar.

Forsvarsstaben gjennomfører nå ei inngåande gransking av alle reiserekningane til Karlsvik heilt tilbake til 2001.

— Siktemålet er å klarlegge om det har skjedd brot på interne og statlege retningsliner. Dette arbeidet gjeld arbeidsforholdet til Karlsvik og skjer uavhengig av den strafferettslege sida som politiet arbeider med. Det er sett ned ei ad hoc-gruppe med rekneskaps- og revisjonskompetanse, opplyser Anda. Arbeidet er omfattande og det er uvisst når det kan vere avslutta.

Ifølgje Anda har Forsvarsstaben nå også konkludert med at rutinane for økonomikontroll har vore for dårleg og at internkontrollen vil bli skjerpa.