Fleire stortingspolitikarar frå regjeringspartia seier underhand til Bergens Tidende at regjeringa eigentleg berre «har sparka ei varm potet» over til Israel.

Regjeringa har kjend seg pressa både frå eigne rekkjer og utanfrå, for å vise handling og haldning i denne saka. Men kritikarane hevdar nå at handlinga er lite verd.

Dette er heilt i tråd med korleis Vanunu sjølv opplever situasjonen, slik han formulerte seg overfor Bergens Tidende i går. Han sa då at han føler at han blir halden for narr av den norske regjeringa.

Fleire stortingsrepresentantar frå regjeringspartia, som BT har snakka med, meiner at regjeringa reknar med at Israel ikkje vil gje Vanunu utreiseløyve. Då slepp norske styresmakter i neste omgang å ta konkret stilling til ein asylsøknad som vil kome så snart Vanunu måtte kome til Noreg.

Det er ei utbreidd oppfatning at regjeringa er redd for å provosere Israel og USA i denne saka.

På den andre sida er det stortingsrepresentantar frå regjeringspartia som freistar å marknadsføre regjeringsavgjerda i saka som «berre første steg» for å få Vanunu til Noreg for å gje han asyl.