Ein av konsulentane i konsulentfirmaet Delphi — det var her det greske orakelet heldt til - insisterer nemleg overfor Bergens Tidende på at det er overvakinga sjølv, eller tilsettingsrådet i PST, som skal tilsette nestsjefen for PST. (PST står for Politiets sikkerhetstjeneste.)

Justisdepartementet avgjer

Men dette er feil. Det er Justisdepartementet som avgjer denne tilsettinga ettersom jobben er tillagt oppgåver som avløysande sjef for PST.

Det stadfester både overvakingssjef Per Sefland og spesialråd i Justisdepartementet, tidlegare overvakingssjef Hans Olav Østgård, overfor Bergens Tidende.

I store annonsar som var rykka inn i dagspressa tysdag vart det opplyst at «alle søknader og henvendelser behandles konfidensielt, om ønskelig også overfor oppdragsgiver».

Formuleringane kan oppfattast slik at det er konsulentfirmaet som skal tilsette. For korleis skal elles konsulenten kunne love anonymitet for søkjarane overfor oppdragsgjevaren?

På den andre sida: Korleis har ein tenkt å etterleve offentleglova som gjev innsynsrett i søkjarlister?

«Uheldige formuleringar»

På dette punktet er både overvakingssjef Sefland og konsulenten i Delphi, Petter H. Andersen, høgst uklare.

Sefland vedgår at han nå ser at formuleringane, som han sjølv har godkjend, er uheldige. Han seier oppdraget er godt planlagd og at oppdraget er sett ut for å avlaste PST.

Generalsekretær Nils E. Øy i Norsk Redaktørforening finn formuleringane i annonseteksten «underlege».

— Det er uråd å vite kva dei meiner med dette. Heile diskusjonen om offentlege søkjarlister og hemmeleghald blir latterleg når ein får slike resultat eller konsekvensar som dette. Det som er klart, er at det i det minste når det gjeld assisterande sjef, må det gjevast fullt innsyn i søkjarlista, seier Øy.