— Nei, dette kjenner eg ikkje til. Dersom dette er korrekt, tek eg det til etterretning. Så får vi sjå kva som skjer når sentralstyret og landsrådet kjem saman mot slutten av neste veke, seier Hellandsjø.

— Har landsrådet noko å gjere med kven som skal vere generalsekretær i Redningsselskapet?

— Det vil eg ikkje uttale meg bastant om. Men normalt vil det vere styret i ein organisasjon som tilset og avset generalsekretær.

— Kva syns du om at denne saka kjem opp no?

— Dette er ikkje den beste omtalen vi kunne få. Men vi får ta dette når dei kjem med sine framlegg.

Til Bergens Tidende seier Hellandsjø at det nye styret alt er i full gang med å skaffe organisasjonen ny generalsekretær.

— Vi førebur ei utlysing av stillinga med søknadsfrist kring midten av februar. Dette er mellom dei sakene vi skal diskutere på styremøtet i neste veke.

I utgangspunktet er det det nyvalde styret i Redningsselskapet som skal møtast i slutten av neste veke. For å knyte kontakt mellom styret og landsrådet, skal også medlemene av landsrådet vere til stades. Fleire av medlemene i landsrådet var i går kveld ukjende med forsøket som no blir gjort på å få fjerna generalsekretæren.