— Nei, eg ville ikkje vore uroleg for det, seier Arnfinn Skogen, som er professor i botanisk økologi ved Universitetet i Bergen.

— Det einaste måtte vera blomefloger, men slike finst jo elles også, seier Skogen.

Heller ikkje eventuelle soppåtak på juletreet vil kunna setja seg i tak og vegger og bidra til utrivelege tilstander i heimen etter ei tid. Slike sjukdomar kan juletre vera befengt med, men dei er ikkje overførbare til treverket i huset, ifølgje Skogen.

Trønderen med bustad i Arna er mellom dei som synest at skikken med juletre er fin og verd å ta vare på, om han er aldri så heidensk, iallfall halvheidensk.

— Så er vi jo heilheidenske på alle mogelege andre måtar, så det gjer ikkje store forskjellen, meiner professoren, som held seg til vanleg gran.

Slik tek du vare på treet

Held det seg kaldt fram mot jul, må treet få høve til å akklimatisera seg. Eit tre er gjennomfrose når det er kaldt ute. Nålene er tinte på tre minutt, greinene på 15, medan stammen treng like lang tid på å tina som ei pakke med djupfrosne kotelettar. Syt difor for at du ikkje tek treet rett inn i stova frå kulden ute, men ha det på ein lun og litt mindre kald plass ei stund, til dømes i eit bislag eller i garasjen.

Skjer eit reint snitt i rotenden like før du set treet på fot. Slik blir det best i stand til å ta til seg næring. I eit gamalt snitt samlar det seg fort kvae som tettar porene.

Pass på at treet har vatn heile tida, og la det gjerne vera lunka. Treet «drikk» gjerne mykje like etter at det er inne i varmen. Sidan stabiliserer vassforbruket seg.

SKOGSKARAR: Brørne Eirik (fremst) og Martin Sundal Aandahl har vore i skogen og henta seg årets juletre. No skal det heim i stova.
Foto: Tor Høvik