-
KOM SEG UNNA. Ingen ubåt vart funnen. (FOTO: Sverre Mo)
Ubåtdokument kan bli offentlege
Forsvarsminister Grete Faremo opnar for å nedgradere dei siste hemmelege dokumenta om ubåtjakta i Sognefjorden i 1972.
AV: terje ulvedal
Det kom fram i spørjetimen i Stortinget i dag. Statsråden opplyste at departementet alt er i gang med å gå gjennom dokumenta, og gjekk langt i å love at dei no vil bli frigitt.
Faremo tok likevel atterhald om dokument som det kan stri mot norsk lov å offentleggjere.
Les også
40 år etter
Det var stortingsrepresentant Peter Skovholt Gitmark (H) som tok saka opp i spørjetimen. Han ville vite korleis statsråden nesten 40 år etter jakta vil bidra til at sanninga kjem fram.
Mellom dokumenta som framleis er hemmelegstempla er interne dokument som har gått mellom ulike departement og regjeringa, og sikkerheitspolitiske vurderingar.
Les også
Framand ubåt?
I november 1972 søkte store militære styrkar etter ein framand ubåt i Sogne-fjorden. Etter ei intens jakt som pågjekk over meir enn to veker, blei det konkluderte med at ubåten hadde kome seg ut av fjorden. Dokument som siste åra har blitt frigitt, syner at det ikkje finst handfaste bevis på at det var ein ubåt frå ei framand makt som var i Sogn.
Les også
Siste fra Innenriks
Relaterte bilder
INTENS JAKT. I to veker leita norske og britiske styrkar etter ubåten. (FOTO: Erik Bergelund)