Ombodsmannen var kritisk til UD sine vurderingar og avgjerder ved nekting av innsyn i 10 dokument. Og han gav tilvisingar for nyvurdering av innsynskravet for mange av dei i alt 22 dokumenta som UD hadde nekta innsyn i.

For ein månad sidan gav pressetalsmannen i UD, Karsten Klepsvik, uttrykk for at UD kom til å fylgje ombodsmannen sine tilvisingar.

I dag kan vi konstatere at det langt frå er tilfelle. Bergens Tidende mottok fredag to av dei i alt 22 dokumenta. Det eine var i sterkt sladda form, og med langt meir sladdingar enn ombodsmannen såg noko grunnlag for.

Dei to dokumenta er laga i Utanriksdepartementet. Det eine er eit notat til utanriksministeren frå 3. november 1998 for at han skulle vere orientert og budd på spørsmål om saka.

Dokumentet er sladda i strid med tilvisingane frå Sivilombodsmannen.

Kostnader og oppgåver

Det som er sladda, er sjølvsagt dei mest sensitive opplysningane. På denne bakgrunnen er det interessant at dokumentet likevel inneheld opplysningar som ikkje tidlegare er offentleggjort av UD og Forsvarsdepartementet.

Her går det mellom anna fram:

n Noreg sa i juni 1997 ja til eit tilbod frå USA om å få plassert radaren, Globus II, i Vardø.

n USA betaler for heile etableringa av radaren. Berre driftskostnadene skal delast likt mellom Noreg og USA.

n Meininga med radaren er å styrke norsk etterretningsteneste si evne til å overvake interesseområdene våre. Radaren skal også spele ei rolle i å kartlegge og overvake «gjenstandar i det ytre rom».

Dette er heilt andre formuleringar og vektleggingar om oppgåver enn dei dåverande statssekretær Kjell Alvheim (V) i Forsvarsdepartementet fortalde om i ein stor artikkel i Bergens Tidende 19. februar i 2000.

Det påtrengande spørsmålet er sjølvsagt kvifor USA betalar i dyre dommar for å plassere ein radar i Vardø.

Pentagon-dokument

Det andre dokumentet er eit notat stila til Forsvarsdepartementet. Det er datert 1/12 1999 og inneheld såkalla «beredskapspunkter» med tanke på spørsmål frå media.

Dokumentet er usladda. Det fortonar seg som meir enn mystisk kvifor dette dokumentet i si tid vart gradert og har vore det heilt fram til i dag.

BT har også fått tilgang til eit tredje dokument. Det er eit udatert vedlegg til eit dokument som vi ikkje har fått tilgang til. Sjølve dokumentet som det er nekta innsyn i, er eit brev frå den norske ambassaden i Washington til UD, sendt lillejulaften 1999. Vedlegget er eit svar frå den amerikanske overkommandoen i Pentagon til den amerikanske ambassaden i Oslo og inneheld ei orientering om Vardø-radaren.

Det er rimeleg å sjå desse dokumenta i samanheng med den hektiske møteaktiviteten som gjekk føre seg mellom Forsvarsdepartementet og Utanriksdepartementet om radar-saka i desember 1999.

Tidlegare forsvarsminister Eldbjørg Løwer har tidlegare fortalt om dette til Bergens Tidende. Alarmen gjekk etter at UD fekk kopiar av elektronisk post som forskaren, professor Ted Postol ved Massachusetts Institute og Technology i USA sendte til journalist Inge Sellevåg i Bergens Tidende.

Her hevda Postol at forgjengaren til Løwer som forsvarsminister, systematisk hadde feilinformert Stortinget om den nye radaren.

HEMMELEG: UD meiner framleis at det aller meste av dokumentasjonen om radaren i Vardø ikkje toler dagens lys.