Det skal lagast retningsliner for konflikthandtering som også inkluderer mobbing i utanrikstenesta. Dette arbeidet skal vere ferdig innan 1. september.

Dette skriv Utanriksdepartementet i eit brev til Arbeidstilsynet, etter at UD fekk pålegg om å lage ein handlingsplan for å betre arbeidsmiljøet.

Mobbeproblem

Ei rad seksjonar og avdelingar i UD har førd opp tiltak mot mobbing i handlingsplanane sine. Det er difor naturleg at slike tiltak blir prioritert på alle nivå i utanrikstenesta, opplyser departementet i brevet til Arbeidstilsynet.

Brevet er underteikna av ekspedisjonssjefen i Administrativ avdeling, Leidulv Namtvedt og hovudverneombodet, Betzy Tunold.

Namtvedt vil ikkje kommentere innhaldet i brevet overfor Bergens Tidende.

Hovudverneombodet er på ferie og har ikkje vore tilgjengeleg for Bergens Tidende.

UD fekk pålegget frå Arbeidstilsynet i desember i fjor, etter at tilsynet hadde gjennomførd inspeksjon i departementet. Tilsynet slo ned på mange forhold som det fann urovekkjande. Departementet fekk også pålegg om å gjennomføre ei arbeidsmiljøkartlegging mellom alle tilsette og lage ein handlingsplan innan 1. juni i år.

Braut to pålegg

Det makta UD ikkje. Nokre dagar etter at fristen var ute, søkte UD om å få utsett fristen. Søknaden var ikkje i samsvar med eit nytt pålegg frå Arbeidstilsynet. Hovudverneombodet hadde ikkje medunderteikna søknaden, slik regelverket krev.

Underskrifta frå hovudverneombodet er derimot med i det nye brevet UD nå har sendt til Arbeidstilsynet.

«Prisen» for å få hovudverneombodet til å underteikne har nok vore høg: halve brevet er ein uhyre kritisk særmerknad frå hovudverneombodet mot heile prosessen som leiinga i UD har gjennomførd.

Krass kritikk

I særmerknadane sine går hovudverneombodet sterkt i rette med DU, og klagar på at vernetenesta ikkje har hatt reell innverknad på innhald og gjennomføring av arbeidsmiljøkartlegginga.

«Hovedverneombudets kommentarer til spørreskjemaet, i første rekke for å gjøre det bedre tilpasset de arbeidsmiljøutfordringene utenrikstjensten står overfor (jfr. Reinås-utvalgets rapport), ble i meget beskjeden grad tatt hensyn til.»

Verneombodet opplyser at arbeidsgjevar (UD) seinare har lova tilleggsundersøkingar for å kompensere for det som ikkje var dekt i første omgang. Ho skriv også at Stortinget si behandling av flodbylgjekatastrofen i Sør-Asia omfattar «arbeidsmiljøspørsmål i utenrikstjensten og illustrerer betydningen av å tilpasse arbeidsmiljøundersøkelser til den organisasjonen som skal undersøkes».

Nekta innsyn

Av særmerknaden går det også fram at verneomboda og hovudverneombodet ikkje har fått tilgang til alle resultata frå arbeidsmiljøundersøkinga. Verneomboda har heller ikkje fått innsyn i dei handlingsplanane som er utarbeidd i seksjonar/avdelingar i UD.

Dette er ikkje minst interessant på bakgrunn av den sterke kritikken som kom mot dei interne forholda i UD etter tsunami-katastrofen. Ikkje minst kom kritikken frå Reinås-utvalet som påpeika svikt ved UD-kulturen.

Hovudverneombodet strekar under at UD sine eigne retningsliner fastset at Arbeidsmiljøutvalet skal spele ei viktig rolle ved utarbeiding av dei årlege handlingsplanane for helse, miljø og tryggleik. Ho påpeikar at det er vanskeleg å sjå korleis ein kan gjere dette på ein god måte med svært avgrensa innsyn i resultat og handlingsplanar og utan analysar og fortolkingar.

«Uansett må konflikthåndtering og tiltak for å forebygge og håndtere mobbing/trakassering stå høyt på vår dagsorden i tiden framover» skriv hovudverneombodet.

Eit særsyn

Kari Hajum er fungerande distriktssjef for Arbeidstilsynet i Oslo. Til Bergens Tidende seier ho at ho knapt har sett eit liknande brev i alle dei åra ho har arbeidd i tilsynet.

— At det kan vere usemje mellom verneombod og leiinga i ei verksemd om ein prosess, er ikkje uvanleg. Men det er eit særsyn at den blir eksponert på ein slik måte, seier Hajum.

Tilsynet vil nå ha ny kontakt med hovudverneombodet om den vidare oppfylginga av saka.

Fungerande pressetalsmann i UD, Eirik Bergesen, seier til Bergens Tidende at leiinga i UD tek resultatet av arbeidsmiljøundersøkinga svært alvorleg.

Til husten vil UD gjennomføre ei kulturundersøking for å finne ut kva mekanismar som ligg bak at mange meiner dei blir utsett for mobbing.

Han vil ikkje kommentere innhaldet i kritikken frå hovudverneombodet.

<b>DÅRLEG MILJØ:</b> Utanriksminister Jan Petersen (H) forpliktar seg nå til å lage ein handlingsplan mot mobbing i heile utanrikstenesta. Den skal vere klar innan 1. september. Mobbing er eit stort problem i UD-systemet. ARKIVFOTO: LISE ÅSERUD, SCANPIX