VIDAR YSTAD

Tysdag bad Bergens Tidende Utanriksdepartementet om svar på fleire spørsmål som gjeld behandlinga av oppmodingane frå USA og Storbritannia om utlån av laserutstyret.

UD lova svar tysdag ettermiddag, men svaret kom først eit døgn seinare. Då avslo departementet å svare på eitkvart av spørsmåla.

Nektar å svare

Tysdag fekk BT opplyst at det hadde kome minst tre amerikanske og ei britisk oppmoding om utlån av laserutstyret som blir brukt til å sikte inn missil for å treffe målet.

UD avslår nå å opplyse når kvar og ein av førespurnadene kom, konkret kven som var avsendar, om førespurnadene vart behandla enkeltvis eller under eitt, og kva svaret eller svara gjekk ut på.

UD avslår nå også å gje opplysningar om eksportlisensar som er gjeve for utførsel av slikt laserutstyr. Departementet vil ikkje opplyse kor mykje slikt utstyr som er eksportert og til kven det er eksportert.

Denne reaksjonen frå UD står i eit visst motsetnadsforhold til dei opplysningane UD sjølv gjev i Stortingsmelding 41 2003/2004 om eksport av forsvarsmateriell.

Der heiter det at departementet «tilstreber økt åpenhet i eksportkontrollsaker, og er innstilt på å vere så åpen som mulig».

Svensk-norsk laser?

Korkje UD eller Forsvarsstaben vil opplyse om laserutstyret i den aktuelle saka er norskprodusert.

Andre kjelder hevdar overfor Bergens Tidende at utstyret er eit samarbeidsprosjekt mellom svenske Saab og norske Simrad Optronics.

I går kunne Aftenposten fortelje at Forsvarets Logistikkorganisasjon (FLO) i ein e-post har skrive at eksporten av laserutstyret til USA var politisk klarert av Stortinget 6. mars i 2003.

Ein underordna i FLO får ansvaret for å ha misoppfatta at Stortinget hadde klarert utlån av laserutstyr før Irak-krigen.

— Dette er feil. Det er rota mellom regjering og storting, seier pressetalsmann, brigader Geir Anda i Forsvarsstaben til Bergens Tidende.

— Er dette ettergått nå?

— Ja, i høgste grad.

— Får det konsekvensar for vedkomande?

— Det har eg ingen kommentarar til.