VIDAR YSTAD

BT fekk tilgang til den opphavleg søkarlista. Den viser at dei to søkarane var Paris-ambassadør Sven Erik Svedman og ekspedisjonssjef Oda Helen Sletnes. Begge har nå akseptert at namna blir offentleggjorde.

Bakgrunnen

Kuvendinga skjer etter pågang frå Sivilombodsmannen som har teke opp saka etter klage frå Bergens Tidende.

Ombodsmannen kravde at departementet skulle gje ei utførleg forklaring på framgangsmåten sin.

Opphavleg var det to søkarar på stillinga. UD heldt søkarlista hemmeleg. BT kravde å få opplyst kven søkarane var. UD gav etter kvart etter for kravet, men då lista skulle oversendast BT var det ifølgje UD ingen søkarar att. Begge hadde trekt seg.

Deretter vart stillinga utlyst på ny. Nå kom det berre ein søkar: Sven Erik Svedman. Han vart kort tid etter utnemnt i jobben og vil tiltre om lag 20. juni.

— Klassisk

— Denne saka er eit nytt døme på at sentrale forvaltningsorgan ikkje fylgjer det lovfesta offentlegprinsippet. Vi opplever stadig døme på at forvaltninga nyttar høve til å omgå prinsippa i lova. I så måte er dette eit klassisk tilfelle, seier generalsekretæren i Norsk Redaktørforening, Nils E. Øy, ekspert på offentleglova, til Bergens Tidende.

Ambassadør og påtroppande utanriksråd, Sven Erik Svedman, avviser overfor Bergens Tidende at han har ei negativ innstilling til offentleglova og offentlegprinsippet.

- Positiv innstilling

— Eg er tvert om sterkt positivt innstilt til offentlegprinsippet og meiner at vi må gje innsyn og praktisere meiroffentlegprinsippet så langt vi kan. Dette meiner eg både prinsipielt og personleg. Eg meiner også at prosessen i denne saka har vist at alle partar er best tente med å fylgje offentlegprinsippet, seier Svedman.

Han forklarar at han trekte seg frå søkarlista av di det ikkje var klargjort at søknadene ville bli offentleg kjend. Og han meinte det var for mykje fokus på stillinga i samband med mediefokuseringa omkring den sitjande utanriksråden, Bjarne Lindstrøm.

Han seier at han ikkje var klar over at det heilt sidan 2001 har vore uttala frå statsministerens kontor at alle søkarar til denne typen stillingar vil bli offentleggjorde. Også det skjedde som fylgje av ein klage frå Bergens Tidende.