Då fristen gjekk ut, var planen ikkje levert, og UD hadde heller ikkje søkt om eller fått utsett fristen.

Så seint som i slutten av april forsikra UD overfor Bergens Tidende at fristen ville bli halden.

Risikerer smekk

— Arbeidstilsynet vil nå vurdere korleis vi skal fylgje opp overfor UD, opplyser rådgjevar Inger Olise Skarvøy i Arbeidstilsynet til Bergens Tidende.

Å oversitte slike fristar utan eingong å søke om utsett frist, kan i seg sjølv resultere i reaksjonar.

Pålegget om å lage ein handlingsplan for betra arbeidsmiljø, kom 1. desember i fjor etter at tilsynet hadde gjennomførd inspeksjon i UD i oktober. Alt i oktober fekk UD varsel om pålegg. Likevel har ein ikkje makta å oppfylle pålegget.

Ein del av pålegget gjekk ut på at departementet måtte gjennomføre ei omfattande arbeidsmiljøundersøking mellom alle medarbeidarane i departementet. Resultata frå arbeidsmiljøundersøkinga låg først føre onsdag 1. juni og vart då presentert i UD.

Mobbeproblem

Rapporten viser at mobbing er eit stort problem i UD. Heile åtte prosent av dei tilsette oppgir å ha opplevd mobbing på jobben i løpet av dei siste seks månadane. Det er klart meir enn ein skulle vente. Normalen ligg på 4-6 prosent.

Det er også overvekt av tilsette som opplever organisasjonen som stivbeint, regelstyrt og konkurranseorientert i høve til situasjonen i andre verksemder.

UD skorar lågt på spørsmålet om i kva grad dei tilsette er nøgd med konflikthandtering. Det er samstundes ein stor prosent som arbeider eller er på jobb sjølv ved sjukdom.

Betzy Tunold, som er hovudverneombod i UD seier til Bergens Tidende at ho, slik spørsmåla i arbeidsmiljøundersøkinga var formulert, hadde venta ei underrapportering av tilfelle av mobbing og andre negative faktorar.

- Urovekkande høgt

— Talet åtte prosent er urovekkande høgt. Med utgangspunkt i spørsmålsstillinga, er det ikkje grunn til å tru at det har skjedd ei overrapportering, seier Tunold.

— Mobing på arbeidsplassen er eit svært alvorleg problem. Det er på høg tid at UD fylgjer opp Regjeringa sin eigen handlingsplan for å førebygge og handtere mobbing i arbeidslivet. Det er ein del av avtalen om eit inkluderande arbeidsliv. Det trengst også gode rollemodellar og klare haldningar som går på nulltoleranse overfor mobbing, seier Tunold.

- Betydeleg diskusjon

Avdelingsdirektør Cecilie Landsverk i administrativ avdeling i UD seier til Bergens Tidende at UD meiner å ha ein god dialog med Arbeidstilsynet. Ho vedgår at departementet ikkje har søkt om å få utsett frist, men meiner at ein skal makte å levere handlingsplanen i løpet av 14 dagar.

Ho forklarar tidsbruk og oversitting av fristen med at det har vore betydeleg diskusjon om innhaldet i arbeidsmiljøundersøkinga og at det tek tid med slike prosessar når organisasjonane skal vere med.

Utanriksminister Jan Petersen etterkom ikkje pålegget om å lage ein handlingsplan for å betre arbeidsmiljøet i UD innan fristen han hadde frå Arbeidstilsynet.