VIDAR YSTAD vidar.ystad@bergens-tidende.noOsloTrass i at åtvaringa inneheldt eit imperativ om handling for å informere og varsle ikkje-statlege organisasjonar og flyktningar som vendte tilbake, gjorde UD ingenting for å fylgje opp.Dokumentet vart liggjande i departementet.I dag er det sterk mistanke om at uranhaldige våpen kan føre til blodkreft og skadar på arvestoffet i menneske. UD mottok dokumentet samstundes som det vart sendt til Forsvarets Overkommando, FO.Forsvarsdepartementet fekk derimot ikkje oversendt den amerikanske åtvaringa.I UD var reaksjonen den at dette var ei sak som vedgjekk Forsvaret og Forsvarsdepartementet og tok berre den skriftlege åtvaringa til orientering. Kasteball I Forsvarets Overkommando meiner ein derimot at kontakten med sivile hjelpeorganisasjonar i Kosovo har vore UD sitt ansvar.— Det er primært UD som har kontakt med hjelpeorganisasjonane, seier kommandørkaptein Per Høiby i presse- og informasjonsavdelinga i FO til BT.- Vurdert i ettertid burde vi nok i UD ha teke nokre grep for å forsikre oss om at denne åtvaringa vart fylgt opp, seier pressetalsmann Karstein Klepsvik i UD.- Tek UD no sjølvkritikk?- Både UD og andre norske institusjonar, som FD (Forsvarsdepartementet) og FO bør ta sjølvkritikk. - Men FD mottok ikkje åtvaringa?- FD seier i dag at dei ikkje har fått denne informasjonen. Det kan vi berre ta til etterretning, seier Klepsvik.Klepsvik seier at han ikkje har grunn til å tru at den politiske leiinga i UD vart orientert om innhaldet.- Sterkt kritikkverdigGeneralsekretær Halle Jørn Hanssen i Norsk Folkehjelp reagerer med vantru:- Det er sterkt kritikkverdig av UD å ikkje reagere på ei så klar melding og åtvaring. Hanssen opplyser at Norsk Folkehjelp med lokalt engasjerte har hatt minst 200 personar i arbeid i dei aktuelle områda i Kosovo.- UD bør no seie seg lei for den manglande reaksjonen, seier Hanssen.

Les også: Godal avviser uran-risiko