— Me vil ha lys i glasa heile året, ikkje berre om sommaren. Tysnes er ingen feriekommune, og ynskjer heller ikkje å vera det, seier ordførar Lorentz Lunde til Bergens Tidende.

Ferieøya vil ha slutt på at utflytte bygdefolk brukar familiens gamle gardshus som sommarbustad og fritidshus. Då vil kommunen heller at gardane skal seljast til unge folk, som har lyst til å driva gard og bu på Tysnes heile året, ikkje berre i feriane.

- Egoistisk tankegang

Politikarane har vedteke ei langt strengare handheving av bu- og driveplikta enn vanleg i dei fleste norske kommunar. Til nyttår går frist for endeleg tilflytting ut for totalt sju gardsbruk, og kommunen vil be Fylkesmannen i Hordaland om at desse blir tvangsselde, dersom eigarane ikkje flyttar inn før året er omme.

— Det er kjekt med ferierande, men me vil ikkje at dei skal sitja på store eigedomar. Det finst til dømes over 100 ledige hyttetomter i kommunen, hintar han.

— Det skapar også konfliktar kring felles skogsareal og gjerdeplikt, og kulturlandskapet gror igjen. Folk som bur i tunet heile året, føler større ansvar.

— Men det er ikkje vanskeleg å forstå at folk ynskjer å behalda familieeigedomar som feriehus?

— Ikkje ut frå ein egoistisk tankegang. Men for oss som bur her blir det håplaust.

- Feriefolk er gratispassasjerar

Feriefolket eig i dag nær 1500 eigedomar på Tysnes, medan det bur fastbuande på kring 1200 eigedomar. Ordføraren er lei av at feriegjester nyt godt av kommunens tenester, utan å gje noko tilbake.

— Dei er gratispassasjerar! Dei betalar ikkje fem øre i skatt til Tysnes, men gjer krav på veg, vatn, lege og heimsjukepleie. Dei flyttar vekk mens dei er produktive og betalar skatt. Når dei blir eldre, flyttar dei på hytta, og skal ha sjukeheimsplass.

— Men dei legg att pengar?

— Kanskje litt i daglegevarehandelen, men ikkje meir enn når ein frå Tysnes kjøper bil i Bergen, kjem det kontant.

Ordføraren ventar sterke reaksjonar på kommunens strenge handheving av buplikta.

— Klart det, dette er ikkje problemfritt. Folk som er fødde og oppvaksne her og brukar gardshusa til feriebustad, kjem til å oppleva at me tek frå dei eigedomane. Men dei vil at alt skal vera som då besten var liten. Me vil ha ei framtid.