LENA VERMEDAL (tekst og foto)

  • Ein fjerdedel av lommepengane til ungdom mellom 13 og 19 år går til alkohol, sigarettar, sjokolade og snacks. Kle kjem på ein god andreplass.
  • Gutar får meir lommepengar enn jenter fordi dei kjøper dyre pc-ar og elektronikk. Foreldre likar ikkje sløsing på kle og sminke, meiner forbruksforskar Ragnhild Brusdal.

Diesel, Levis, Miss Sixty, Killah og Fornarina. Hendene skyt i vêret i klasse 10 F ved Stord ungdomsskule. Eit klart fleirtal av elevane har slike bukser, men dei går ikkje med dei kvar dag.

— Eg kjøpar helst merkekle, men har ikkje så mykje, seier Mats Lønning Tøkje (14).

— 7. og 8. klasse var verst. Då skulle alle ha merkekle, seier Thomas Eriksen (15).

— No går me meir med det me likar. Eg vel heller ein billeg genser på H&M enn ein til 600 kroner på Vero Moda, seier Romina Henriquez (15).

Mest til øl og sigarettar

Dyre bukser og merkekle får ofte skulda for at ungdommar er dyre i drift. Ei undersøking frå Statens Institutt for Forbruksforskning (SIFO) viser at ungdommane prioriterer annleis.

I snitt har 13 til 19 åringar 2380 kroner å handla for kvar månad. Av dei går:

  • 601 kroner på alkohol, sigarettar, sjokolade og snacks.
  • 545 kroner på kle og sminke.
  • 439 kroner på mobil, kafé og disco.
  • 381 kroner på kino, cd, video og speleautomat.

Resten fordelar seg på sport, kontingentar og andre småting.

— Forbruket på kle er ikkje avskrekkande høgt med tanke på kor mykje vaksne brukar. Kle utgjer ein mindre del av forbruket i høve til mobiltelefon, kino, snackbar, alkohol og sigarettar, seier Ragnhild Brusdal, forskar ved SIFO.

- Gutar får meir

Gutar har klart høgare økonomisk forbruk i 13-19 års alderen enn jamgamle jenter. Heile 550 kroner per månad skil jentene frå gutane.

Berre på eit område bruker jenter meir pengar enn gutar - kle, sminke og utsjånad. Slikt forbruk er sløsing, meiner foreldre Ragnhild Brusdal har intervjua.

— Det ser ut til at foreldre «likar» gutane sitt forbruk betre enn jentene sitt. Medan jenter sit meir på kafé og kjøper dyre bukser, får gutane dyrare sportsutstyr, pc-ar og finare elektronikk, seier forskaren.

Bik Bok er ei av kjedene som fører merkejeans. Kundane er alt frå unge tenåringsjenter til damer på 35.

— Hos Bik Bok er det klart ein marknad for bukser opp til 1299 kroner. I år har me selt 60.000 merkejeans, seier Hilde Kjønstad, merkevareinnkjøpar hos Bik Bok.

Masar og grin

For dei fire ungdommane frå Stord kjem litt av pengane til kle og fritid frå pengepungen til mor og far. Resten må dei sjølv slita for.

— Forbruket mitt per månad er avhengig av om eg reiser til Bergen. Tar eg ein skikkeleg shopping, går det fort tusen kroner, seier Haldis Koløen.

Både Haldis og Romina har brukt noko av konfirmasjonspengane på kle, elles tener dei pengar på barnepass og husarbeid.

— Eg jobbar i ein videobutikk, men må av og til grina meg til litt frå mamma og pappa, seier Thomas Eriksen.

Mats derimot har strategien klar.

— Det gjeld å masa når foreldra mine får lønning.