Dette framgår av opplysningar styreleiaren i DNT, Pernille Rød Larsen, gjev til Bergens Tidende.

Kristin Krohn Devold er tilsett og skal byrje som generalsekretær i DNT i løpet av januar.

— Vi har engasjerte medlemer. Det er førebels nokon få som har meld seg ut, men eg oppfattar ikkje det som noko problem, seier Pernille Rød Larsen til Bergens Tidende.

- Budde på reaksjonar

Styreleiaren stadfester at DNT har vore i kontakt med Krohn Devold etter tilsetjingstidspunktet, 22. oktober.

Det har også vore kontakt etter avsløringane om reiserekningane hennar.

Rød Larsen opplyser også at Kristin Krohn Devold på eige initiativ har skaffa seg dokumentasjon frå Forsvarsdepartementet i saka.

— Men, legg ho til, det som gjeld hennar fortid som forsvarsminister, vedkjem ikkje oss. Det vi er opptekne av, er kva ho kan yte gjennom sitt engasjement for friluftsliv, entusiasme, erfaring og gjennom nettverket sitt.

— Vi var budde på at å velje ein så profilert politikar, ville skape visse reaksjonar i ein så engasjert medlemsmasse som vi har. Men eg trur effekten blir positiv når Krohn Devold startar i jobben i januar.

— Men denne saka interesserer kanskje medlemene?

— Saker generelt er ofte meir nyanserte enn det som kjem fram i media. Det er ikkje så rart at folk melder seg ut basert på den framstillinga media har gjeve. Vi fylgjer med i det som skjer i den saka som har vore oppe i media. Men førebels er ikkje dette noko problem for oss, seier Rød Larsen.

Dette er saka

Bergens Tidende avslørte for 14 dagar sidan at Kristin Krohn Devold, som forsvarsminister, hadde fått utbetalt diett og natt-tillegg på reiser i strid med statens reiseregulativ.

BT hadde gjennomgått alle reiserekningar statsråden hadde levert gjennom fire år.

BT hadde også gjennomgått reiserekningane til militærsekretæren, ein oberst, som fylgde henne på alle reisene. Desse rekningane avveik sterkt frå Krohn Devold sine rekningar.

Saka er nå teken opp av kontrollkomiteen på Stortinget.

TURKAMERAT: Fleire medlemmer i Den Norske Turistforening vil ikkje har Kristin Krohn Devold som turkamerat. Det har melde seg ut etter at det blei kjent at den tidlegare forsvarsministeren blir ny generalsekretær i DNT. ARKIV
Knut Strand