Ein rapport laga på oppdrag av Reiselivsbedriftenes Landsforeining (RBL) og Statens Nærings— og Distriktsutviklingsfond (SND), konkluderer med at dei halvoffentlege turistanlegga ikkje er flinke nok til å marknadsføre og fornye seg. Svikten i turisttrafikken til Norge dei siste åra har gått hardt ut over desse tiltaka. Reint kommersielle tilbod, som Kristiansand Dyrepark og Tusenfryd, har derimot auka besøkstala.

— Utfordringa til attraksjonsindustrien er å skape nye interessante tilbod. Dei halvoffentlege attraksjonane er dårlegare til dette enn dei kommersielle fornøyelsesparkane, konkluderer BI-forskar Ole Skalpe som har laga undersøkinga på oppdrag frå RBL og SND.

Nedtur

Forskaren har granska besøkstala på eit utval sentrale norske turistattraksjonar frå 1999 og til og med 2003. I denne perioden har talet på besøkande til Akvariet i Bergen gått ned med heile 25 prosent. Medan over 150.000 løyste billett på Nordnes i 1999, kjem besøkstalet i år til å bli like over 112.000.

— Ein sterk nedgang for eit lite ordinært akvarium i Bergen er kanskje ikkje så overraskande når turistane blir færre og meir kravstore, meiner Ole Skalpe.

I Fjærland har Norsk Bremuseum, av mange rekna som det kanskje mest vellukka attraksjonsanlegget knytt opp mot norske nasjonalparkar, hatt ein nedgang på 15 prosent. I 1999 var over 60.000 innom museet. I år kryp besøkstalet så vidt over 51.000.

Alle attraksjonssentra som er med i granskinga, har hatt tilbakegang. Dårlegast ut av alle kjem Maihaugen ved Lillehammer, som i femårs perioden har tapt nesten kvar tredje publikummar. Skrekkeksempelet er likevel ikkje med i granskinga, fordi det har vore i drift for kort tid. Aukrustsenteret i Alvdal gjekk frå 100.000 besøkande første året til 30.000 året etter.

- Har eit sikkerheitsnett

— Fleire anlegg har opplevd langt lågare besøkstal og inntening enn venta. Svak kunnskap om attraksjonssatsing og urealistiske forventingar til marknaden kan vere ei årsak, trur Skalpe.

— Men kan dette også ha noko å gjere med at slike halvoffentlege institusjonar blir meir sløve fordi dei veit dei har offentlege midlar i bakhand?

— Eg trur ikkje vi skal skulde dei som sit med ansvaret for denne type anlegg for å vere late. Men det er nok slik at eigarane av reint kommersielle føretak legg eit sterkare press. Og dei halvoffentlege tiltaka veit at dei har eit sikkerheitsnett, dersom besøket går ned. Men medan målet til dei kommersielle fritidsparkane er å tene pengar, skal institusjonar som Bremuseet i Fjærland formidle informasjon og vere kulturberar. Dei har ei litt anna oppgåve, seier Skalpe til Bergens Tidende.

Flåmsbana unik

Også andre typar sentrale attraksjonar har tapt marknadsdelar. Holmenkollen er den store taparen. Medan over 845.000 løyste billett for å sjå nasjonalanlegget for skihopping og Skimuseet i Nordmarka i 1999, vil berre litt over 600.000 ta turen innom i år. Også for Fløibanen, Vikingskipshuset på Bygdøy og Nidarosdomen er nedgangen markert.

Men eitt unntak er det. Talet på reisande med Flåmsbana veks, frå 315.000 i 1999 til over 350.000 dei to siste åra. Ole Skalpe forklarar veksten for Flåmsbana med at tilbodet er unikt.

— Dette samsvarar med analysar av annan statstikk og granskingar om tilsvarande tema. Det unike overlever. Flåmsbana er nesten som oljen i Nordsjøen. Det er ein gåvepakke frå fortida, og relativt enkel å få til å fungere. Nystarta konkurranseutsette turistprodukt taper derimot terreng i ein svak reiselivsmarknad, meiner forskaren.

Dyreparken og Tusenfryd

Dei heilkommersielle temaparkane greier seg godt, sjølv om færre utlendingar legg ferieturen til Norge. Både Dyreparken i Kristiansand og Tusenfryd ved Oslo har auka besøkstalet. Sommarland i Bø i Telemark og Hunderfossen ved Lillehammer har ein mindre nedgang.

Ole Skalpe meiner forbruksveksten mellom norske forbrukarar har gitt ein langt betre utvikling for dei kommersielle temaparkane der tematiserte opplevingar og underhaldning står i høgsetet.

Men i granskinga blir det også streka under at parkane er flinke til å fornye seg, noko som gjer at besøkande gjerne kjem tilbake. I tillegg er desse parkane langt betre på marknadsføring enn halvoffentlege attraksjonar.