PER MARIFJÆREN

— Norsk Pasientskadeerstatning er ei ordning som slett ikkje alltid fungerer til pasientane sitt beste, seier Høydal i dag.

Vi sit i stova hennar i Askvoll i Sogn og Fjordane. Ho har funne fram att paipra frå den gongen. Sidsel blar i den tjukke, tunge ringpermen som ligg på bordet framfor henne.

Det var den 21. november 1995 at legane ved sjukehuset i Førde fjerna det høgre brystet hennar. Dei hadde stilt feil diagnose. Biopsien frå Høydal sitt bryst vart vurdert av kun ein lege - som altså tok feil.

Det fanst ikkje sjukt vev i brystet og dei 18 lymfekjertlane som var fjerna.

Tilbake sat ei tidligare aktiv kvinne med eit tapt bryst, store smerter og sterkt redusert livskvalitet.

— Tida etterpå står for meg som ei rekke av venteperiodar, først venting på at legane skulle komme med svaret på prøvene som sa at eg faktisk hadde vore frisk. Så kom ventinga i alle dei mange og dryge stadia i erstatningssaka, seier ho.

27. april 1998 sette NPE punktum for Sidsel si sak, og gav henne ei erstatning på 274.000 kroner. Dette skulle kompensere for mein, påført inntektstap, framtidig inntektstap, påførte utgifter, framtidige utgifter og renter.

Ikkje fri rettshjelp

— Eg tykkjer framleis at erstatninga var småleg, latterleg lita. Men eg orka ikkje anke saka mi, orka ikkje ta ein ny runde i systemet, så eg aksepterte den, seier ho.

Sidsel Høydal syns det er direkte horribelt at ho ikkje fekk dekt fri rettshjelp. -- Eg var så langt nede fysisk og psykisk at eg ikkje kunne ivareta interessene mine godt nok. Og så oppdaga eg at alt måtte dokumenterast i ettertid, ned til den minste kvittering. Kven tenker på slikt i slike situasjonar, spør Sidsel Høydal. Ho meiner rådgjevinga kunne vore betre.

Ikkje minst vart Høydal provosert av at ein lege som ho aldri hadde konsultert, skulle få uttale seg til NPE om tilstanden hennar og behandlinga ho hadde fått.

— Han hadde jo fått all sin informasjon frå den legekollegaen som opererte meg. I mi verd er dette klar inhabilitet, seier ho.

Legen meinte Høydal var blitt 14 prosent ufør som følge av feilbehandlinga. Den nedre grensa for mein-erstatning er 15 prosent.

Krevde uhilda lege

Men Høydal fekk gjennomslag for kravet om å bli undersøkt av ein uhilda lege. Det skjedde i Trondheim.

— Det var ei positiv oppleving å bli tatt på alvor, men eg måtte sjølv stå på for å få det til, seier ho.

Den nye legen konkluderte med at ho var mellom 20 og 30 prosent ufør. Seinare sette NPE talet til 22, som plasserer henne i gruppa som er mellom 15 og 24 prosent ufør, den lægste erstatningskategorien.

Høydal fortel at ho opplevde NPE som ein svært fjern instans, at ho sakna ein meir direkte kontakten med nemda og dei som faktisk behandla saka hennar.

— Det var å skrive svarbrev, og vente og håpe på at alt var greitt og at ingenting mangla. På det meste gjekk det året utan å høyre frå dei.

I dag arbeider trebarnsmora i 80 prosent stilling i nabokommunen Fjaler, der ho også er tillitsvald, og litt som rekneskapsførar på fritida. Og ho får no operasjonar for å rekonstruere det høgre brystet.

Ikkje ute etter syndebukkar

— Eg er ikkje ute etter syndebukkar, og veit alt helsevesenet gjorde var i beste meining. Men dei gjorde ein alvorleg feil, som gjer at livet mitt er øydelagt i forhold til mange ting. Det er ein stor urett å skade folk, for så å legge ein så tung veg fram til erstatninga. Mannen min og barna var rasande på meg fordi eg aksepterte erstatningssummen. Og eg meiner sjølv at staten burde gje ei romsleg erstatning i slike saker, seier Sidsel Høydal.

EKSTRA BYRDER: Etter ein legetabbe i 1995 fekk 58-årige Sidsel Høydal fjerna høgre brystet, sjølv om ho var frisk. Ho meiner at erstatningsordninga ofte tilfører traumatiserte, feilbehandla menneske ekstra byrder - blant anna på grunn av den tunge, langvarige saksgangen.<p/> FOTO: PER MARIFJÆREN