OVE A. OLDERKJÆRStord Stord-paret mista dottera Hilda Marie for knapt tre månader sidan. Men organa hennar gav nytt liv til tre andre personar, slik Bergens Tidende fortalte i går. Foreldra hadde teke eit positivt standpunkt til donasjon lenge før dei visste at dei skulle hamna i ein slik situasjon. Fortel dei næraste — Vi synest det er vesentleg at alle gjer seg opp ei meining om donasjon og formidlar det til foreldre, ektefelle og andre som står ein nær. På den måten veit alle kva dei skal gjera om dei kjem i ein situasjon der dei står overfor valet, seier Eduard Eikeland.- Ingen vil be deg ta standpunkt når du står midt oppi det, spesielt ikkje helsepersonell. Når du er i sorg, vil diskusjonen du før har hatt om donasjon dukka opp i undermedvitet. Dermed vil du nesten automatisk ta di livgjevande avgjerd, meiner Eikeland. - Livets merkelege side Eikeland seier det er ei av livets merkelege sider at du får sjansen til å gje liv når du står andlet til andlet med døden. - Men dette er donasjonens natur, bortsett frå nyredonasjon. Det er ein tosidig situasjon: vi kan alle enda opp på den eine eller den andre sida - som gjevar eller som mottakar. Vel to månader etter at vår kjære dotter døydde, er det einaste som gir døden hennar meining for oss det faktum at ho framleis er der ute og hjelper andre - gir dei liv, seier den 37 år gamle forretningsmannen.Også i gravferdstalen for Hilda Marie var Eduard Eikeland inne på den gleda i sorga som han og kona opplever ved å vita at jenta sin død har berga andre.