Både SV-leiar Kristin Halvorsen og fungerande parlamentarisk leiar i SV, Karin Andersen, har nå knegått Venstre i eit forsøk på å finne ei løysing på denne stridssaka som splittar dei raud-grøne.

Stadfester

Det stadfester Trine Skei Grande, som er fungerande parlamentarisk leiar i Venstre, overfor Bergens Tidende.

Nestleiar Liv Signe Navarsete i Senterpartiet opplyser til Bergens Tidende at SV har teke kontakt med Venstre i forståing med både Ap og Sp.

Både Trine Skei Grande og partileiar, statsråd Lars Sponheim, er blitt kontakta om denne saka.

— Eg synest det er ein underleg måte å drive regjeringsforhandlingar på, seier Trine Skei Grande til Bergens Tidende.

— Det tyder på at dei har liten erfaring med korleis ein skal få gjennomslag og at dei har kjempeproblem med denne saka. Det viser at dei ikkje heilt har evne til å finne løysingar som kan skape fleirtal hos sine eigne, legg ho til.

- Utenkjeleg for Sp

Både SV og Ap har i Stortinget fremja forslag som vil opne for å likestille heterofile og homofile i den norske ekteskapslovgjevinga.

Begge desse partia vil at den nye regjeringa skal forplikte seg til å gå inn for ei slik lovendring.

I regjeringsforhandlingane på Soria Moria har dei møtt bastant motstand frå Senterpartiet.

— Det er heilt utenkjeleg for Senterpartiet å gå inn for eit framlegg om ei kjønnsnøytral eksteskaplovgjeving, seier

Navarsete til Bergens Tidende. Ho er nyvald stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane.

I valkampen forsikra og «garanterte» den parlamentariske nestleiaren i Sp, Magnhild Meltveit Kleppa, veljarane sine i Rogaland at Sp ikkje vil gå inn for ei kjønnsnøytral ekteskapslovgjeving.

Dette poenget er nå trekt fram av KrF sin andrekandidat frå Rogaland, stortingsrepresentant Bjørg Tørresdal.

Dette gjer det endå meir umogleg for Sp å snu eller fylgje regjeringspartnarane.

Kan lage dissens

Navarsete opplyser at partane i regjeringsforhandlingane arbeider med fleire modellar for ei løysing. Det kan anten vere gjennom eit framlegg frå regjeringa eller ei løysing gjennom Stortinget.

Navarsete stadfester at dersom saka skal inngå inn i regjeringsplattforma, så vil det måtte innebere at Senterpartiet vil måtte reservere seg. Det betyr at ein må lage ein dissens alt på dette stadiet, noko som er høgst uvanleg.

Skei Grande seier til BT at Venstre vil avvente kva framlegg regjeringa kjem med i denne saka.

- Utenkjeleg å tvinge

Ho viser til at Stortinget tidlegare har behandla eit framlegg frå SV om kjønnsnøytral ekteskapslovgjeving. Framlegget vart ikkje realitetsbehandla og vedlagd protokollen. Det inneber at Regjeringa når som helst kan ta opp denne saka og kome med eit framlegg.

— Vi imøteser at Regjeringa sjølv tek opp denne saka med eit framlegg til Stortinget. Det eg alt nå kan seie er at det er utenkjeleg for Venstre å gå inn for ei løysing etter SV sin modell.

— Dei vil pålegge kyrkjesamfunna å vie homofile. Eg trur det vil vere eineståande i Europa. For oss er det heilt utenkjeleg å tvinge til dømes den katolske kyrkja å vie homofile. Vi står på Venstre sitt program og vår modell. Den heng klart saman med skilje av kyrkje og stat. Vi vil at staten skal behandle alle kyrkjesamfunn likt, seier Skei Grande.