VIDAR YSTAD

Dette opplyser pressetalsmannen i Utanriksdepartementet, Karsten Klepsvik, til Bergens Tidende.

I dag må statsminister Kjell Magne Bondevik svare for seg i Stortinget. Opplysningane om at Noreg leverte det avanserte laservåpenet til USA rett før krigen mot Irak i 2003, slo hardt ned i det politiske miljøet i går. Det er på det reine at regjeringa ikkje tok seg bryet med å rådføre seg med den utvida utanrikskomiteen og at komiteen heller ikkje er blitt orientert i etterkant.

Det var NRK Dagsnytt som i går presenterte opplysningane om at Noreg hadde lånt ut 25 laservåpen til USA før krigen mot Irak — ein krig som Noreg har stempla som folkerettsstridig.

Kategorisk avvising

Dag Aamot, som er pressetalsmann for Forsvarsstaben, avviser kategorisk at Noreg også sendte instruktørar som skulle lære amerikanarane å bruke utstyret.

— Saka vart grundig vurdert på bakgrunn av den spesielle situasjonen med opptrapping og konfrontasjon i Irak. Og heile regjeringa står bak avgjerda, uttalar pressetalsmannen i Utanriksdepartementet, Karsten Klepsvik, til Bergens Tidende.

Klepsvik vil ikkje seie korleis regjeringa har behandla saka. Han vil såleis ikkje svare på om saka var oppe i tryggingsutvalet i regjeringa før avgjerda om å overlate laservåpenet til USA vart teken. Det vil heller ikkje Statsministerens kontor svare på.

Utanriksdepartementet viser på si side til at departementet i fjor vår svara på to skriftlege spørsmål frå SV-representanten Kjetil Bjørklund i Forsvarskomiteen.

I mars stilte han spørsmål om våpensal til USA sjølv om landet gjekk til krig i Irak.

I april stilte han spørsmål om utlån til «jammesystem» til det britiske forsvaret til bruk i Irak-krigen.

Ingen krav ved utlån

I svara opplyste utanriksminister Jan Petersen at det ikkje er restriksjonar på sal eller utlån av våpen til allierte og at det heller ikkje blir stilt spørsmål om bruken. Han stadfesta at det var godkjend utlån av fem «jammesystemer» til det britiske forsvaret.

Ifølgje Klepsvik vart det heller ikkje stilt spørsmål om bruken ved utlån av laservåpna. Og det vart heller ikkje kravd «sluttbrukarerklæring» som fortel kvar og til kva våpna skulle nyttast til.

Klepsvik strekar under at sjølv om det er praksis for å låne ut eller selje våpen til allierte, inneber ikkje det ei blankofullmakt slik at alle førespurnader blir ekspedert automatisk.

— Vi må likevel vurdere konkret i kvart tilfelle.

— Men visste eller forsto regjeringa kva våpna skulle nyttast til?

— Det har eg ikkje grunnlag for å seie noko om. Men eg vil seie at det skjedde ei grundig vurdering av saka her.

GODE ALLIERTE: Statsminister Kjell Magne Bondevik støtta krigen i Afghanistan da han møtte president George W. Bush 5. desember 2001. At Noreg også hjelpte amerikanarane med våpen i Irak, var ukjend for Stortinget. I dag kan Bondevik vente seg hardkøyr i «spontanspørjetimen» på Stortinget.<p/>ARKIVFOTO: REUTERS