VIDAR YSTAD vidar.ystad@bt.no Oslo

Og utanfor møtelokalet, som er Frp-gruppa sitt faste møterom i Stortinget, var det postert ei handfull vakter før og under møtet.

Slike tryggingstiltak er heilt uvanlege.

Møtet vart samankalla seint torsdag kveld utan anna sakliste enn «den politiske situasjonen».

Det er likevel klart nok at det er «den seksuelle situasjonen» omkring partiet som var meint på vere tema på møtet.

Møtet vart innkalla etter medieoppslag torsdag kveld om ei tredje sex-sak i Frp.

Generalsekretær Geir Mo i Frp sendte torsdag ettermiddag ut ei pressemelding der han orienterte om denne tredje saka.

Berre eit par av stortingsrepresentantane var i det heile viljuge til å svare på spørsmål frå pressa før møtet vart sett litt etter klokka 12.30.

Ein av dei var Vidar Kleppe, som sa at han ikkje visste kva som skulle opp på møtet, men at han stilte med opne kort.

Den andre, Jørn Stang, sa at han var budd på kva som helst, også eksklusjon av seg sjølv etter det som har skjedd i partiet i seinare tid. Partiformann Carl I. Hagen, kom sjølv til møterommet eit par minutt over klokka 12.30. Han var ikkje på Stortinget i går føremiddag.

Møtet pågjekk framleis klokka 14.30. Klokka 16.00 skal sentralstyret møtast på Gardermoen. Og i morgon og søndag kjem landsstyret saman, også det på Gardermoen.