Scanpix (arkiv)

Det opplyser politi— meister Anstein Gjengedal til Bergens Tidende.

Oppslaget i Bergens Tidende i går om funnet av ei bombe under Verdsbank-deomnstrasjonen i Oslo 24. juni, slo bokstaveleg tala ned som ei bombe.

Overvakinga

Sjefen for PST (tidlegare overvakingspolitiet, POT), Per Sefland, opplyser til Bergens Tidende at PST er blitt orientert om bombefunnet av politimeister Gjengedal.

Sefland stadfester også at han og PST er kjent med at liknande bomber har vore brukt mot politiet under demonstrasjonar i utlandet. Han vil ikkje svare på om dette er opplysningar som stammar frå samarbeidande tenester ute.

Han vil ikkje seie noko om kva PST gjer eller har gjort i saka og viser til at dette er ei «Oslo-sak» som ligg under Oslo politidistrikt.

Koppartråd rundt krutt

Gjengedal opplyser nå at bomba, som vart funnen på ein kafe, inneheldt i overkant av 30 gram krutt. Kruttet var pakka inn i plast og papp som det var surra koppartråd rundt.

— Ved ei detonering ville den kunne ha gjort betydeleg skade på dei som oppheldt seg like i nærleiken. Det kunne fort ha blitt prosjektil som kunne resultert i augeskadar, seier Gjengedal.

Bombe mot demonstrantar

Kor alvorleg ei slik handling vil kunne vere, vart demonstrert då heimelage bomber vart kasta mot personar i Oslo 1. mai i 1979.

To personar vart alvorleg skadde og merka for livet då ny-nazisten Petter Kristin Kyvik kasta ei heimelaga bombe først inn på Kongeterrassen natt til 1. mai og seinare ei ny bombe mot 1. mai-toget.

Det vart rekna som ufatteleg at ikkje liv gjekk tapt. Ifylgje tiltalen kunne liv lett ha gått tapt. Den eine av dei skadde fekk avreve tre tær på den eine foten, den andre fekk reve av eine stortåa. Han fekk også avreve fire fingertuppar og fekk stor skade i eine tommelfingeren. Kyvik vart pågrepen, tiltala og dømd etter mordbrannparagrafen til fem års fengsel.

Putta i fyrstikkeske

Ein av etterforskarane den gongen, politiinspektør Gunnar Larsen, ved Oslo politidistrikt, opplyser til Bergens Tidende at sprengstoffet var putta inn i ein fyrstikkeske. Bombene var laga av gummidynamitt, svartkruttlunte og fenghetter.

Nøyaktig kor stor mengde det var i kvar bombe, er vanskeleg å fastslå i dag. Sprengstoffet hadde Kyvik fått fatt på Heistadmoen der han gjekk på befalsskule då sprengningane skjedde. Bombene hadde han laga etter «pep-samtale» heime hjå Norsk Front-leiaren Eric Blücher. Kyvik var medlem i Norsk Front, og Blücher ville ha «aksjoner med smell i», som det står i dommen.

Presisering

BT kom i går i skade for å skrive at demonstranten som vart skoten av politiet under demonstrasjonane i Gøteborg i fjor, døydde. Det er ikkje rett. Han vart skadd, men overlevde.