— Tanken bak røykjesertifikat er god, men forslaget kan få uheldige konsekvensar, seier Al-azawy, som er avdelingsdirektør ved Lungeavdelingen på Haukeland Universitetssjukehus.

Han er særleg bekymra for at forholdet mellom pasient og lege kan bli skadelidande ved ei slik ordning. Eit scenario, der pasienten står med lua i handa og ber om fire nye røykjeår, har Al-azawy svært lite til overs for.

- Dilemma for legen

— Etisk sett ville det dessutan vere frykteleg vanskeleg for ein lege å skrive ut røykjelisens. Det ville bli eit dilemma. Når vi veit så mykje om tobakk og helseskadar som vi gjer, bør vi berre hjelpe pasienten med ein einaste ting - nemleg å slutte å røykje, seier Al-azawy.

Når ein jeger må opp til jaktprøven for å skyte dyr, eller ein sjåfør ta lappen for å køyre bil, er dette tiltak som skal gjere jaktsesongen og trafikken tryggare.

Men, seier Al-azawy, det blir ikkje tryggare og sunnare å røykje, sjølv om legen skriv ut ein lisens.

— Eigentleg legitimerer berre ein lisens røyking i fire nye år, seier han.

Al-azawy er også kritisk til ideen om at helsevesenet skal bruke tid og ressursar på å skrive ut røykjesertifikat.

— Samfunnet er ikkje tent med å dytte denne oppgåva på legestaben. I eit helsevesen som skrik etter ressursar må vi prioritere legearbeidet på riktig måte.

— Du slaktar det australske forslaget?

— Ja, men samtidig er eg verkeleg interessert i å bidra til at folk skal røykje mindre, seier Al-azawy.

Tar til orde for totalforbod

Faktisk går han mykje lenger enn den australske helseministerens. Al-azawy meiner norske politikarar heller bør vedta eit totalforbod mot tobakk.

— Mi personlege meining er at ikkje berre det norske, men også det europeiske samfunnet, er modent for å gjennomføre eit slikt totalforbod innan ti år, seier Al-azawy.

— Kva byggjer du denne påstanden på?

— Tobakk er ikkje berre svært skadeleg for den som røykjer. Også andre individ er skadelidande. Dei omfattande helseskadane relatert til tobakk er i dag så veldokumenterte og synlege at eit totalforbod bør vere innan rekkjevidd.