— Hyggeleg, seier stortingsrepresentant for Høgre og saksordførar for omlegginga av folketrygda, Heidi Larssen, etter at LO-kongressen med 190 mot 120 røyster i går sa ja til at pensjonsalderen kan hevast i framtida, dersom levealderen aukar.

Framlegget som ligg på bordet betyr at du må jobbe åtte månader lenger for kvart år den gjennomsnittlege levealderen aukar dersom du vil unngå kutt i pensjonen.

Ei slik omlegging skal vere med å halde veksten i kostnadene til alderspensjon i sjakk. Regjeringspartia har gjort det klart at det ikkje vert noko forlik i pensjonssaka utan at pensjonsalderen kan forlengast.

Optimist

Med fleirtalet frå LO-kongressen i ryggen er det ikkje noko som hindrar at Arbeidarpartiet kan gå med på at pensjonsalderen kan endrast i framtida.

Larssen og finanskomiteen skal legge fram si innstilling om folketrygda 23. mai i år. Ho trur forhandlingane vil lukkast slik at endringa i folketrygda ikkje vert ei sak i valkampen i haust.

— Eg er optimist og har heile tida sagt at eg trur på å få eit forlik, seier Larssen.

Det er regjeringspartia saman med Arbeidarpartiet og Senterpartiet som vil sikre fleirtal for ei omlegging av folketrygda, i fylgje Larssen.

Sprikande syn

Men trass i at problemet eit LO-fleirtal mot omlegging kunne skapt no er rydda av vegen, er det framleis strid mellom regjeringa og Arbeidarpartiet.

Dette er dei tre vanskelegast punkt i forhandlingane meiner Larssen:

n I kor stort grad skal pensjonen spegle inntekta til den einskilde eller vere med å jamne ut inntektsnivået?

n Skal AFP fjernast eller ikkje?

n Skal pensjonsordninga for offentleg tilsette endrast eller ei?

Splitta LO-kongress

Pensjonsspørsmålet var den einaste store og vanskelege saka på LO-kongressen som vart avslutta i går. Sigeren til LO-leiinga sat langt inne.

Per Østvold, medlem i SVs sentralstyre og leiar i Transportarbeidarforbundet, var opposisjonen sin fremste talsmann i pensjonssaka.

Han meinte på førehand at 100 røyster mot LO-leiinga vile vere eit godt resultat for opposisjonen.

Østvold sin partifelle, og SV sin finanspolistisk talsmann på Stortinget, Øystein Djupedal meiner LO-opposisjonen må bli høyrd.

— Dette er eit betydeleg mindretal, mykje større eg hadde grunn til å tru, seier Djupedal, etter avrøystinga på LO-kongressen.

Han meiner venstresida på Stortinget no er nøydd til å ta omsyn til den store motstanden LO-kongressen har vist mot å opne for at pensjonsalderen kan bli forlenga.