— Normalt er terskelen høg for å få flytta rettsaker til ein annan domstol, seier professoren ved Universitetet i Bergen.

Bernt samanliknar den kommande rettsaka i Sogndal, men saka mot dei to ungdommane som står tiltalt for Baneheia-drapa i Kristiansand.

— Ut frå den kjennskap eg har til desse to sakene, har eg ikkje nokon grunn til å tru at stemninga i Sogndal er meir opphissa enn stemninga i Kristiansand, seier professoren.

Sorenskrivar Steinar Velle i Indre Sogn har gitt påtalemakta og forsvararane frist til førstkomande torsdag med å kome med synspunkt på kvar straffesaka mot dei to gutane frå Naustdal skal førast. Deretter vil han ta stilling til søknaden frå høgsterettsadvokat Tor Erling Staff om å flytte hovudforhandlingane.

Staff grunngjev oppmodinga om å flytte rettsaka, med at han fryktar klienten ikkje vil få ei rettferdig rettsak i lokalmiljøet der tragedien skjedde.