Biologisk materiale frå området Krundalen i Jostedal der ein sauebonde løyste skot måndag i førre veke, er send til DNA-test. Dette skjer ved Bioforsk Svanhovd i Pasvik, som har ansvaret for DNA-testing på bjørn i Noreg.

— Analysane viser at materialet vi har fått tilsendt sannsynlegvis ikkje stammar frå bjørn, men frå eit anna dyr, seier leiar ved forskingsstasjonen i Finnmark, Hans Geir Eiken.

— Går det an å finne ut kva dyr materialet stammar frå?

— Ja, det har vi god tru på. Men då må vi ha assistanse frå samarbeidspartnarar både i inn- og utland. Eit slikt arbeid vil i så fall ta minst ein månad.

Til Bergens Tidende seier lensmann i Luster, Asle Karoliussen, at dei vil be om at det blir prøvd å finne ut kva dyr det biologiske materiale kan stamme frå. Jerv, hjort, sau og hund er truleg dyr det er aktuelt å teste opp mot.

Lensmannen ønskjer ikkje å seie noko om kva type biologisk materiale som er sendt til testing.

— Funnet er gjort i området der sauebonden fyrte av skota, seier lensmannen.

Om det blir avklara kva anna dyr det er funne biologisk materiale frå, beviser det lite i forhold til om det var bjørn grunneigaren løyste skot mot. Det beviser i grunnen berre kva biologisk materiale som er sendt inn til analyse.