Femåringen som overlevde brannen kjempa i går for livet på brannskadeavdelinga ved Haukeland sykehus. Han fekk røykskader og alvorlege brannskader over heile kroppen, og skal etter planen opererast i dag. Seint i går kveld var tilstanden hans alvorleg og ustabil. Resten av familien — far Hector Hugo Miranda (44), mor Gunvor Sivertzen (36), og søskena Hugo Ariel (7) og Maria Alexandra (3) - omkom alle i heimen deira i den vesle bygda Austnes på Haramsøya på Sunnmøre.Brannen i det idylliske gamle trehuset vart oppdaga litt etter klokka ni i mandag formiddag. Eit forferdeleg syn møtte mennene frå det lokale brannvernet som først tok seg inn i huset. Båe foreldra var døde. Det vart forsøkt gjenoppliving på dei to borna, men liva stod ikkje til å redde. Brannfolk i sjokk - Det var ingen vanskeleg brann å sløkke, men det var sterk røykutvikling. Vi har ikkje fått avhøyrt brannfolka skikkeleg enno. Dei har vore i sjokk etter at dei fann det dei fann ý dette er lokale frivillige, ikkje profesjonelle brannfolk, sa politiinspektør Olav Aarø ved Ålesund politikammer i går kveld.Politiet fekk raskt mistanke om at brannen var påtent. Inne i huset var det fleire stader spor etter at det var gjort opp varme. - Vi har fleire gode grunnar til å tru at brannen var påsett, sjølv om vi ikkje har trekt nokon endelege konklusjonar enno, seier Aarø. Politiets hovudteori går ut på at ein konflikt mellom sambuarparet kan ha ført til den tragiske brannen. ý Politiet har vore kjent med at det har vore ein konflikt mellom dei to, seier Aarø. Striden var av nyare dato, og så alvorleg at det lokale lensmannkontoret fekk melding om han. - Arbeidssame folk Trebarnsfamilien kjøpte det gamle 1800-hundretalshuset midt på 90-talet, og la ned mykje tid og krefter i å setje det i stand. I går var det berre politisperringane, Kripos-tenestemennene og dei svartsota vindauga i loftsetasjen som vitna om tragedien i det idylliske huset med det storslåtte utsynet over fjorden. I støypen ved grinda inn til den velstelte hagen helste fotavtrykka til dei tre borna framleis velkomen. Ein lamslått venn av familien kom med ei einsleg gul rose, elles gjekk dei få som var ute taust forbi. - Dei var veldig arbeidssame folk, og la ned ein voldsom innsats for å pusse opp. Familien glei godt inn i bygda då dei kom, seier Harald B. Haram, ein av dei næraste grannane. Hector Hugo Miranda var politisk flyktning frå Chile, og kom hit til landet først på 80-talet. Han engasjerte seg sterkt i kampen for politiske fangar og flyktningar, og var ein av dei som kjempa hardt for å få stilt eks-diktator Augusto Pinochet for ein domstol. Han var ein profilert mann også i lokalsamfunnet, og fortalde i fleire intervju om om kva han hadde opplevd. Også sambuaren engasjerte seg sterkt i kampen for menneskerettar. Gunvor Sivertzen kom frå Spjelkavik ved Ålesund. Også mor og bestemor hennar budde på Austnes, etter at huset deira i Spelkavik brann ned for eit par år sidan.