— Finst det ein biskop som maktar å bryte positivt ut og stå fast på Bibelen si forpliktande rettleiing i homofilisaka?, spurde den mektige generalsekretæren i Indremisjonsforbundet då han i går kveld opna årsmøtet til Organisasjonenes Fellesforbund.

Hallaråker, som er formann i samarbeidsforumet for dei ti lutherske organisasjonane som sette kvarandre stemne i Bergen i går, brukte store delar av talen på Lærenemndas råd som skal kome mot slutten av januar. Overfor Bergens Tidende legg ikkje Hallaråker skjul på at han no nærast tek det for gitt at eit fleirtal i nemnda på eitt eller anna vis vil godkjenne homofilt samliv som legitim kristen måte å leve saman på. Går det slik, knakar grunnfjellet i det norske kyrkjesamfunnet.

— Den norske kyrkja vil kome i konflikt med dei aller fleste kyrkjesamfunn både i verda og her i landet, seier han.

Djup splitting

Hallaråker konsentrerte vesentlege delar av opningstalen sin til homosaka som i fleire år har lagt som ei mare over norsk kyrkje og kristenliv. Han meiner det går eit prinsipielt skilje i det norske kyrkjesamfunnet på haldninga til det som står i Bibelen:

— Skiljet går mellom dei som bøyer seg for skrifta sin autoritet, og dei som vil gjere seg sjølv og si samtid klokare enn skrifta på kontroversielle område.

Og går det som Hallaråker trur, at lærenemnda i ei eller anna form vil godkjenne homofilt samliv, vil konsekvensen bli djup splitting:

— Då vil lærenemnda ha plassert seg i same kategori som paveembetet. Då er det menneskeleg autoritet i botn, ikkje skrifta åleine. Inkludering av homofilt samliv som legitim kristen måte å leve på, vil måtte få dramatiske konsekvensar for relasjonar i kyrkja. Her vil bli skiljelinjer som må merkast. Det vil sprengje relasjonar som i dag enno eksisterer. Vi vil kome lenger i splitting enn mange av oss enno har teke inn over oss.

Svekte biskopar

Hallaråker retta kraftig kritikk mot bispestanden. Han meiner dei har svekt sin autoritet. Sist gjennom innstillinga dei gav i samband med bispevalet i Borg, då alle biskopane gjekk god for Helga Haugland Byfuglien.

— Alle biskopane tilrådde ein kandidat som læremessig hadde sagt frå at ho forsvarar homofilt samliv i strid med Guds ord. Dersom alle biskopane i lærenemnda inkluderer denne teologien i kyrkja på ein eller annan måte, har dei brote med alle rettar og tillit til truverdig biskoppeleg tilsyn.

Trass i den veldige kritikken mot bispekollegiet, understreka Hallaråker at han ikkje er ute etter å svekke deira autoritet:

— Men eg må få seie frå når dei ikkje utøver si teneste i samsvar med det læregrunnlaget dei er forplikta på. Det er dette som i djupaste forstand undergrev deira autoritet.

Grunnlaget vekke

Bispekollegiet sin aksept av Haugland Byfuglien i Borg, er mellom dei signala leiaren i samarbeidsforumet for dei lutherske organisasjonane dreg fram, når han forklarar kvifor han trur eit fleirtal i lærenemnda vil falle ned på å akseptere homofilt samliv.

— Du meiner dette vil svekke kyrkja. Korleis?

— Det einskaplege læregrunnlaget vil forsvinne. Den norske kyrkja kan ikkje lenger stå fram som eit heilskapleg kyrkjesamfunn. Det vil bli fleire frittståande kyrkjelydar, og det vil oppstå nye alliansar.

Årsmøtet i Organisasjonenes Fellesråd held fram i dag og laurdag. Då går Karl Johan Hallaråker av som formann i samarbeidsorganisasjonen.

EIN ÅTVARANDE PEIKEFINGER: I går opna årsmøtet til Organisasjonenes Fellesforbund. Generalsekretæren i Indremisjonsforbundet, Karl Johan Hallaråker, brukte store delar avopningstalen til å snakke om homosaka.
Tor Høvik