Etter å ha forhandla sidan august i fjor, vart det i går brot mellom Utdanningsforbundet og Kommunenes Sentralforbund (KS). Striden står om kor stor del av arbeidstida lærarane sjølve skal rå over.

I dag er berre ein viss del av arbeidstida bunden opp i undervisning og obligatoriske møter. I barneskulen gjeld det 70 prosent av arbeidstida.

Resten av tida, som skal brukast til mellom anna førebuingar, rettingar og anna etterarbeid, kan lærarane sjølve rå over. Det vil KS ha slutt på.

— Ein kan godt ha heimekontor som i andre jobbar, men vi vil at dette skal vere ei sak som skal avgjerast på den einskilde arbeidsplass, seier administrerande direktør Olav Ullern i KS.

Klar for streik

I lærarrommet på Eidsvåg skole har ordskiftet gått høgt etter at regjeringa gav lærarane over til KS i fjor. Krava frå KS om å fjerne leseplikta har skapt mykje sinne, seier Anne Synnøve Nilsen, som er tillitsvald for lærarane på skulen.

Etter gårsdagens brot, trur ho på streik når forhandlingane bryt saman i mai-juni.

— Oppfatninga blant kollegaer her er at det er stemning for streik, seier ho, og blir supplert av lærarkollega og tidlegare tillitsvald Terje Valen:

— Det vil vel skje på den måten at ein tek ut nokre skular før sommarferien, og så trappar opp til hausten.

Dei to lærarane meiner både dei og andre arbeider godt over vanleg 37,5 timars arbeidsveke med dagens ordning.

— Det blir meir ein livsstil, seier Valen.

- KS spelar på fordommar

Lærarane har dei siste tiåra måtta tåle mange spydige kommentarar for sine lange feriar. Leiar Helga Hjetland i Utdanningsforbundet vedgår at KS kan spele på folks fordommar.

— Det har dei gjort allereie. Det er ikkje berre på Vestlandet at misunnelsen er sterkare enn kjønnsdrifta. Men eg trur folk ser at ein lærar arbeider meir enn akkurat når han underviser. Akkurat slik som ein prest arbeider meir enn om søndagen mellom 11 og 12, seier Hjetland.

Både Hjetland og Ullern seier no at initiativet til nye forhandlingar ligg hjå den andre parten. Båe reknar med at arbeidstidsspørsmålet no blir ein del av lønsoppgjeret til våren.

Det blir ei svært komplisert affære, der striden om arbeidstid skal løysast, i tillegg til spørsmål om løn og krav frå KS om endringar i sjølve tariffsystemet. Dermed er risikoen for streik svært stor.

Fryktar nedskjeringar

KS overtok forhandlingsretten frå staten i fjor, til store protestar frå lærarane. Etter kort tid, viste det seg at KS ville kome med radikale krav om endringar av læraranes arbeidstid.

Utdanningsforbundet fryktar at fjerninga av dagens arbeidstidsordning, som går under namnet «leseplikta», vil bli brukt som eit reint rasjonaliseringstiltak. Ved å pålegge lærarane meir undervisning, kan fattige kommunar spare inn endå fleire stillingar, fryktar lærarane.

Ifølgje Utdanningsforbundet er talet på lærarstillingar blitt redusert med 1600 det siste året, medan elevtalet har auka med sju prosent. Ved at leseplikta blir fjerna fryktar lærarane endå større innsparingar.

- Støtte frå kommunane

I neste veke opnar Landstinget i KS. Då vil truleg striden med lærarane bli eit tema, sjølv om det ikkje er sett opp som eigen post. Hjetland meiner KS kan få negative reaksjonar frå sine eigne på den harde forhandlingslina med lærarane.

— KS seier det er eit massivt krav frå kommunane at dei må kvitte seg med lesepliktavtalen. Det undrar meg litt. Det er ikkje det eg høyrer når eg møter ordførarar og rådmenn, seier Hjetland.

Ullern på si side fryktar ikkje negative reaksjonar:

— Nei. Vi har hatt ein tett dialog med medlemmene, og dei har gjort det klart at det går ei klar grense for kva vi kan akseptere.

— Så du har god backing?

— Ja, seier Ullern.

KLAR FOR STREIK: Lærar Anne Synnøve Nilsen på Eidsvåg skole reknar med at det blir lærarstreik til våren, etter gårsdagens brot mellom Utdanningsforbundet og KS.<p/>FOTO: KNUT STRAND