I dag byrjar det sentrale lønsoppgjeret for sjukehusa. For to år sidan enda lønsoppgjeret med solide tillegg, spesielt for sjukepleiarar og ikkje minst for legar (sjå eiga sak).

Det bør det ikkje bli i år, seier administrerande direktør Anne Kverneland Bogsnes i Helse Bergen.

Store underskot og svært pressa økonomi gjer at sjukehusa må hente inn at nye, store lønstillegg ved å kutte stillingar og behandle færre pasientar, meiner Bogsnes, som òg sit i styret i arbeidsgjevarforeininga Navo.

— Eg ser for meg eit tilnærma nulloppgjer, seier Bogsnes.

Pengeknipe

Lønsoppgjeret er sjølvsagt eit spel, og utspelet frå Bogsnes må sjåast i det lyset. Det er likevel ikkje særleg tvil om at Helse Bergen, der Haukeland Universitetssjukehus utgjer mesteparten av verksemda, slit tungt økonomisk.

I år har dei budsjettert med eit underskot på 340 millionar kroner. Det trass i at 345 stillingar blir kutta.

Lønsutgifter utgjer 75-80 prosent av utgiftene ved Haukeland, og Bogsnes åtvarar fagforeiningane om at fleire må gå viss ikkje dei viser lønsmoderasjon.

— Viss vi må gje meir i lønstillegg enn det vi har råd til med våre midler, så må vi redusere talet på tilsette for å klare å oppnå resultata våre.

— Så dei har valet då, mellom lønstillegg eller å misse jobben?

— Ja, det kjem an på kor mykje lønstillegget blir. Men ser vi på utgangspunktet for lønsoppgjeret i år er det ganske annleis enn tidlegare år. Ser du på prisutviklinga, renta og kronekursen, er det eigentleg reallønsvekst utan tillegg, seier Bogsnes, som òg peikar på at høge lønstillegg vil råke pasientane: Færre hender vil gje færre pasientbehandlingar.

Vil ikkje be om meir pengar

Hovudstriden i lønsoppgjeret for sjukehusa vil venteleg i år gå meir om kvar løna skal avgjerast enn kor mykje som skal gjevast.

Navo ønskjer at så mykje som mogleg skal fastsetjast på dei einskilde sjukehusa, medan Sjukepleiarforbundet vil ha mest mogleg sentralt. Navo-sjef Lars Haukaas har likna sjukehusa med private bedrifter, der lønene må styrast etter kva det einskilde sjukehuset har råd til. Bogsnes støttar dette.

— Vi har fått ei økonomisk ramme av Stortinget, og eg tek denne på alvor, seier Bogsnes, som ikkje har sans for fagorganisasjonane sine argument om at staten må løyse problema med å løyve meir pengar.

Likevel kjempar ho for å auke overføringane til Haukeland. Sjukehuset får langt mindre per pasient enn dei fleste andre, og ei utjamning ville i følgje Bogsnes ført til at dei gjekk i balanse i år.

TRUGAR: Anne Kverneland Bogsnes, administrerende direktør i Helse Vest, legg ikkje fingrane imellom når lønsoppgjeret np byrjar for sjukehusa. - Høge tillegg betyr oppseiingar på Haukeland. trugar ho.<br/>Foto: GIDSKE STARK