Dermed får den famøse BA-HR-Tønne-Breirem-saka ei ny omdreiing.

Johansen meiner han er blitt påførd betydeleg skade gjennom den måten foreninga har opptrådt på. Johansen har i brev til foreninga gjort greie for at han meiner alle grunnvilkår for å krevje erstatning er til stades.

— For det første vedtok foreninga å reise disiplinærsak mot meg på fullstendig sviktande grunnlag. Det skjedde utan at dei eingong tok seg bryet med å kontakte meg og innhente opplysningar, seier Johansen til Bergens Tidende, og han held fram:

— For det andre gjekk foreninga aktivt ut mot meg ved å offentleggjere vedtaket utan at eg var orientert og hadde fått høve til å korrigere det feilaktige grunnlaget.

For det tredje heldt foreninga på sitt og argumenterte for vedtaket sitt, etter at dei hadde fått opplysningar som heilt korrigerte det feilaktige grunnlaget.

På toppen av dette, presterte foreninga å opptre endå meir kritikkverdig: Då disiplinærutvalet etter fleire månaders arbeid endeleg konkluderte med at eg ikkje hadde opptrådt i strid med god advokatskikk, let foreninga vere å fortelje at den einaste parten som fekk kritikk i saka, var Advokatforeningen sjølv.

Johansen viser til at Advokatforeningen sendte ut ei omfattande pressemelding utan å nemne med eit ord at disiplinærutvalet retta klar kritikk mot hovudstyret i Advokatforeningen for måten dei hadde behandla saka.

Også på heimesida til Advokatforeningen på internett, vart meldinga om avgjerda frå disiplinærutvalet presentert utan at det med eit ord vart nemnt at Advokatforeningen hadde fått klar kritikk.

Etter at Johansen først reiste spørsmål og kritikk mot foreninga, påtok redaktøren for advokatbladet seg ansvaret for at dei viktige opplysningane om kritikken mot foreninga, ikkje kom med. Forklaringa var «tidspress».

Men etter fornya pågang har Johansen skriftleg fått opplyst at pressemeldinga, som utelet kritikken, var «godkjent av advokatforeningens ledelse».

Johansen tolkar dette slik at formannen og generalsekretæren står ansvarlege for den selektive informasjonen.

Johansen fekk i går eit svar frå Advokatforeningen som er totalt avvisande.

Dermed er det duka for ei erstatningssak mot Advokatforeningen.