Legane Otto Inge Molvær og Stein Tønjum opplyser begge til Bergens Tidende at dykkarar vart servert alkohol rett etter at testdykka dei hadde gjennomførd, var avslutta.

— Ekstra skadeleg

— Dette skjedde før vi hadde fått undersøkt dykkarane for å klarlegge påverknadar dei hadde vorte utsett for gjennom dykka. Vi reagerte sterkt ettersom det øydela undersøkingane våre, og ein kan heller ikkje sjå bort frå at alkoholservering straks etter oppstiging i seg sjølv kunne vere ekstra skadeleg. Det kunne verke som cellegift på sentralnervesystemet, seier Molvær.

Molvær kan også opplyse at ein dykkarmedisinsk kollega av han vart truga med at han «skulle få bank» om han ikkje heldt opp å mase om at det måtte bli slutt på alkoholserveringa.

— Det var ein forfylla amerikanar som var engasjert i dykkeprosjektet som kom med trugsmålet, seier Molvær.

Deltok i drikkegildet

Både Molvær og Tønjum opplyser at ein annan dykkarlege, Alf Brubakk, i minst eitt tilfelle deltok aktivt i drikkegildet etter at dykkarane hadde avslutta testdykket.

— Det var dumt og naivt. Han burde vite betre med den bakgrunnen han hadde. Eg prøvde å ta det opp med han, men det vart berre babbel til svar, seier Tønjum.

Tønjum og Molvær meiner likevel å kunne avvise at alkoholserveringa skjedde for med overlegg å sabotere dei medisinske undersøkingane. Dei trur heller det kom av tankeløyse.

Alf Brubakk, som i dag er professor ved NTNU i Trondheim, seier til Bergens Tidende at han ikkje vil kommentere dette:

- Hugsar ikkje

— Dette er så lenge sidan, og eg hugsar ikkje kva som skjedde.

— Men opplysningane er presise, og du må vel hugse at dei andre legane tok dette opp med deg?

— Dette har eg ingen kommentarar til, svarar Brubakk.

I september i fjor var det ein stor dykkemedisinsk konferanse i Bergen. Fleire av deltakarane på konferansen har opplyst til Bergens Tidende at Brubakk på denne konferansen freista å så tvil om dei funn og konklusjonane forskarane ved Haukeland universitetssjukehus har gjort om dykkarane sine helseforhold.

— Vi har fått opplysningar om at du skal ha bagatellisert konklusjonane ved å indikere at datagrunnlaget var upåliteleg som fylgje av alkoholeksponering av dykkarana?

— Det stemmer ikkje. Men eg har nok sagt at det var dårlegare kontroll og prosedyrar for dykka for 20-30 år sidan enn det er i dag. På den tida visste vi veldig lite. Vi prøvde oss fram for å finne dei beste prosedyrane, seier Brubakk.

Han seier han så vidt har kikka på boka forfatta av Knut Ørjasæter.

— Det er grove skuldingar mot meg. Han meir enn antydar at eg har vore ein slave av oljeselskapa. Det må eg berre ta avstand frå, seier Brubakk.