• Hadde du sett hylla i skåpet mitt, ville du fått sjokk, seier Jan Olsen frå Sandsli.

Olsen er storforbrukar av helsekost. Han kjøper produkt for 1500-2000 kroner i månaden, og synest helsegevinsten er stor.

— Eg føler meg pigg og fin. Er aldri sliten. Det går ein del pengar, men som eg har sagt: Helsa går først, koste kva det koste vil, erklærer Olsen.

Dagleg svelgjer han unna kvitløkskapslar, haibruskkapslar, haileverolje, Omega-3-6-9-olje og Noni juice.

Då BT møter han i Sunkost-butikken i Oasen, har han nettopp kjøpt ny forsyning av Lama; tibetanske urtetablettar som skal reinse blodårene.

— Eg har brukt Lama i to år. Selvfølgelig trur eg at det har effekt.

Mange av kundane i helsekostbutikken vil gjerne vite om produkta verkar.

— Det kan eg ikkje garantere, fordi det er så individuelt frå person til person, men vi får både positive og negative tilbakemeldingar frå kundane, fortel ekspeditør Irene Espe til BT.

Ved ei av hyllene studerer Eva Martem frå Nesttun etiketten på ei flaske plommejuice.

— Mange helsekostprodukt er veldig dyre. Eg prøver å bruke billege produkt, som eg har tru på. Denne juicen har eg prøvd før, og den er god å drikke.

— Er du skeptisk til løftene frå helsekostindustrien?

— Jo, men eg har tru på urter. Og i grunnen har eg tru på ein del produkt.

Mens Annike Aase er meir i tvil.

— Reklamen skaper behov, men ærleg talt trur eg at hvis du et sunt, så held det. Sjølv har eg prøvd fleire produkt, men kan ikkje hugse at dei har hjelpt særleg.

KJØPER HELSEKOST: Gunvor Velsvik (t.h) og Olivia Rasmussen har begge prøvd ein del helsekostprodukt. Om dei trur på effekten? - Tja. Men vi må jo forsøke, hvis det ikkje er altfor dyrt, seier dei to kundane i Sunkost-butikken i Fyllingsdalen.<p/> FOTO: MARITA AAREKOL