Ein St. Peterfisk og ein Avtrekkarfisk var blant fangsten då Henry Hagelin og sønene hans tømde trollgarnet i Vindenespollen, skriv VestNytt.

Begge desse fiskane er sjeldne gjester i våre kyststrok. Joachim Ekeli frå Akvariet forklarer det eksotiske fisket med høgare havtemparaturar.

Begge fiskane var tiltenkt eit vidare liv på Akvariet, men St. Peterfisken døydde torsdag.