• Ein trist dag å vakna opp til. Tett nase og meldinga om at Einar har gått bort, seier Berit Oma i Høyanger.

ARNE HOFSETH

Barndomsvenene til Einar Førde sørgjer over tapet. Dødsbodskapen kom ikkje uventa. Alle var innstilt på at kreftsjukdommen ville vinna til sist. Likevel er det trist. Men dei har glade minner, og smilet er ikkje langt unna når dei tenker attende.

Sjef på Meieritomta

— Einar var sjefen nede på Meieritomta, der vi leikte. Han organiserte det meste. I 1952 organiserte han OL etter mønster frå Oslo. Han tende sjølv den olympiske elden på Meieritomta, fortel Berit Oma til Bergens Tidende. Ho er ein av dei få barndomsvenene som framleis bur i Høyanger.

— Korleis fór han åt?

— Han tulla masse avispapir, BA sjølvsagt, i Høyanger på den tida, på enden av ein hesjastaur eller ein gjerdestolpe. Så tende han på papiret, spankulerte over plassen og stakk den brennande fakkelen bort i ein dunge med kol. Eg trur nesten at han fekk litt skjenn hjå mor si, den gongen, undrast Berit Oma.

— Han var idrettsmann, men ingen slåstkjempe i røffe Høyanger?

— Det er rett. Han var flink til å springa, men gjengslagsmåla på Leira i Høyanger heldt han seg unna. Hans bidrag var oppeldande appellar til Nybygg-gjengen. Det var den gjengen vi høyrde til, i vårt strøk, fortel Oma.

Sjølvutnemnd prest

Like opplagt var Einar sjølvutnemnd prest når ein småfugl skulle begravast attmed minnesmerket. Som øverst-templar i IOGT-losjen viste han ingen nåde når nokon av medlemene hadde gløymt passordet. Dei vart kontant avvist i døra, om han kjende dei aldri så vel.

— Det var her vi heldt til, viser Olav Vågan, ein av dei yngre medlemene i Nybygg-gjengen.

Den gamle Meieriplassen er utvida på kostnad av nokre hus med ystekar, blitt asfaltert og omgjort til parkeringsplass. Det meste av «Meieriskogen» er intakt, men det vesle krattet er oppslukt av aluminiumsverket og er kome på innsida av gjerdet.

Rett frå første til tredje

Faren til Einar Førde var lærar. Han kom frå Førde ved Bjordal på sørsida av Sognefjorden. Før dei bygde eige hus i lia ovanfor sentrum midt på 1950-talet, budde Førde-familien i loftshøgda i Meieribygget i Storgata. Jamngamle Berit budde tett attmed, i August Gunnarskogsgate. Dei tok til på folkeskulen samstundes.

— Men vi gjekk i same klasse berre i førsteklassen. Einar var så skuleflink at han ikkje hadde noko i andreklassen å gjera. Han vart flytta rett opp i tredje, minnest ho.

Likevel var Einar koseleg, uhøgtideleg, liketil og veldig Høyanger-patriot. Og han kunne gje kompliment på Høyangervis, som sist dei møttest, då Einar opna ein biennale i Måren, der Oma har hytte: - Fy f.. kor du har tapt deg!

— Eg vil sakna Einar, og eg vil sakna spalta hans i Bergens Tidende på onsdagar, seier Berit Oma.