Det fastslår generalsekretær Nils E. Øy i Norsk Redaktørforening. Han er ein av dei fremste ekspertane i landet på offentleglova.

Søkjarlista vart skriven ut 6. desember, heile ni dagar etter at søknadsfristen var ute. Lista gav inntrykk av at det hadde kome 26 søknader. Ifølgje oversikta hadde fire søkjarar trekt seg. Ida Hjort Kraby var ikkje mellom desse.

Særbehandla Kraby

Ekspedisjonssjef Lars Audun Granly opplyser at alle søkjarane fekk beskjed om at departementet er svært restriktiv med å anonymisere søkjarar på offentlege søkjarlistar.

Dette var truleg årsaka til at fire av søkjarane trekte seg.

Ida Hjort Kraby fekk likevel opptre som søkjar, ikkje berre anonymt, men vart halden heilt utanom søkjarlista. Ifølgje departementet trekte ho søknaden 20. desember.

Departementet har ikkje kunne gje ei fornuftig forklaring på denne særbehandlinga. Departementet har i ettertid – etter at Ida Hjort Kraby vart utnemnd 8. februar – hevda å ha motteke 27 søknader innan fristen som var 27. november, og at Kraby hadde søkt innan fristen.

– Mistenkjeleg

Departementet har sidan utarbeidd ei udatert søkjarliste der Kraby står oppført som søkjar nummer 27. Denne søkjarlista er datert 11. februar og vart først tilgjengeleg i den elektroniske postjournalen i går.

– Dette ser mistenkjeleg ut. Det er klart brot på offentleglova å ikkje gje opp rett tal på kor mange som har søkt, seier Øy.

Sjølv etter lovendringa som opna for å hemmeleghalde søkjarar etter ei individuell vurdering, skal totaltalet på søkjarar gå fram. Dessutan skal ein opplyse om kjønnsfordelinga mellom søkjarane, påpeikar Øy.

Dekker seg

Departementsråd Harald Nybøen har overfor dei andre søkjarane sagt seg lei for at Kraby ikkje stod oppført på den utvida søkjarlista som vart utlevert til dei søkjarane som bad om tilgang på lista. Departementet dekker seg i ein e-post til Bergens Tidende bak ei formulering dei har henta frå søknaden til Kraby:

«¿. og det er en forutsetning at søknaden behandles fortrolig i forhold til min nåværende arbeidsgiver».

Denne arbeidsgjevaren er staten sidan ho er tilsett som advokat ved regjeringsadvokatembetet.