Dette framgår av eit materiale Bergens Tidende har innhenta etter søk i den elektroniske postjournalen.

Også fleire av dei underliggande etatane ligg langt på etterskot med journalføringa.

I tillegg til generelt sein journalføring, viser oversiktane at mange dokument kan bli journalførd svært lenge etter at dei er skrevne. Faktisk kan det gå fleire månadar frå dokumentet er datert, til det blir journalførd.

Begge desse forholda er i strid med uttrykkelege reglar som seier at dokumenta skal journalførast omgåande etter at dei er mottekne.

-Misbruk av systemet

— Dersom det er dokumentert systematikk i dette, kjem mistanken om at nokon misbruker systemet - dels ved å utsette dels ved å unnta dokument frå innsyn. Det er rystande, seier generalsekretær Nils Øy i Norsk Redaktørforening til Bergens Tidende. Han er medlem av det statlege utvalet som om kort tid vil levere tilråding til nyoffentleglov.

— Vi har fått opplysningar tidlegare om at nokon i forvaltninga underslår dokument og har rekna det som einskildståande tilfelle. Men det biletet som nå trer fram, er langt meir alvorleg.

— Å forseinke journalføring av dokument gjer det mogeleg å hindre at folk får opplysningar i rett tid, slik at dei blir avskore frå å kunne reagere. Det er ikkje berre eit demokratiproblem, men det kolliderer også med dei soleklare partsrettane som dei som blir råka av vedtak, har. Dette er svært alvorleg, seier Øy.

Verstingane

Verst mellom departementa er Fiskeridepartementet. Det nyaste dokumentet som er journalførd i den elektroniske postjournalen er frå 24. september. Ansvarleg statsråd er Svein Ludvigsen.

Nest verst er Kommunal- og regionaldepartementet der det nyaste dokumentet er datert 27. oktober, altså for meir enn 14 dagar sidan. Ansvarleg statsråd er Erna Solberg.

På neste plass på verstinglista fylgjer Arbeids- og administrasjonsdepartementet og Nærings- og handelsedepartementet. Siste dokument i begge departementa er datert 31. oktober. Dei ansvarlege statsrådane er Victor D, Norman og Ansgar Gabrielsen.

Alle desse departementa er leia av Høgre-statsrådar, og ein kan spørje seg om det er ein tilfeldig samanheng.

Sponheim best

Mest oppdatert, det vil seia best i klassen, er Landbruksdepartementet. I går, 12. november, var ferskaste dokument i journalen datert 10. november. Ansvarleg statsråd er Lars Sponheim (V).

På neste plass fylgjer Samferdsledepartementet og Miljøverndepartementet. Der var ferskaste dokument datert 7. november. Ansvarlege statsrådar er Torill Skogsholm (V) og Børge Brende (H).

Deretter fylgde Barne- og familiedepartementet og Olje- og energidepartementet, begge med dokument datert 6. november. Ansvarlege statsrådar er Laila Dåvøy og Einar Steensnæs, begge Kr.F.

Avdelingsdirektør Magnhild Bjørseth i Fiskeridepartementet gjev denne kommentaren til BT:

— Innføring av elektroisk saksbehandling har teke all kapasitet i arkivet. Vi ser at dette er uheldig. Vi gjer nå det vi kan for å rette opp, og reknar med å vere ajour til 1. desember.

Mellom dei underliggande etatane, er det også store variasjonar. Men ingen er i nærleiken av verstingen mellom departementa.

Hardare konkurranse

Verst er Fiskeridirektoratet og Statens landbrukstilsyn. I begge etatar er nyaste dokument i journalen datert 31. oktober.

I den andre enden er det beinhard konkurranse om å vere best.

På topp figurerer Direktoratet for naturforvaltning. Onsdag 12. november var det journalførd fleire dokument som var datert 11. november.

På neste plass kom Havforskingsinstituttet og Direktoratet for utviklingssamarbeid med journalføring av dokument frå 10. november.

Deretter fylgde Statskonsult, Politidirektoratet og Luftfartstilsynet, alle med journalførde dokument som var datert 7. november.

VERSTING: Fiskeriminister Svein Ludvigsens departement er verstingen. Det nyaste dokumentet som er journalførd i den elektroniske postjournalen til Fiskeridepartementet er frå 24. september.<p/> ARKIVFOTO: HELGE HANSEN