Det viser gjennomsnittstala for dei 10 meiningsmålingane som vart publisert i mai.

Dei tre regjeringspartia ville ifylgje gjennomsnittstala for mai har fått tilsaman 82 representantar på Stortinget om mai-tala hadde vore valresultatet. Dei fire opposisjonspartia ville ha fått tilsaman 87 av dei tilsaman 169 stortingsplassane. Ingen andre enn dei sju partia som i dag er representert på Stortinget, ville fått valt representantar.

Mindretal kan gje fleirtal

Mandatutrekningar basert på ei rekke av målingane i perioden januar til mai viser dessutan at dei tre regjeringspartia ville fått fleirtal med godt under 50 prosent av røystene.

Avhengig av korleis oppslutnaden fordeler seg mellom partia, er det råd å oppnå fleirtal for dei raud-grøne partia med så vidt over 46 prosent av røystene.

Det har også samanheng med utrekningsmetoden som favoriserer eit stort parti som Ap.

Tabell gjennomsnittsal val 05

% mai repr. % april % 05 repr.

Ap 32,9 — 62 - 32,4 - 32,7 - 61

Sp 5,0 - 8 - 5,8 - 6,5 - 11

SV 7,5 - 12 - 7,1 - 8,8 - 15

Frp 26,4 – 49 - 27,2 - 22,1 - 38

H 13,8 – 21 - 13,9 - 14,1 - 21

KrF 6,0 - 9 - 6,0 - 6,8 - 11

V 5,4 - 8 - 4,8 - 5,9 - 10

Fleire valforskarar som Bergens Tidende har vore i kontakt med slår fast at gjennomsnittstala frå alle byråa er langt meir pålitelege enn tal frå einskildbyrå.

Sprikar mykje

Tal frå einskildbyrå sprikar svært mykje. Såleis viste oppslutanden om Frp eit sprik på heile ni prosentpoeng mellom målinga Synovate hadde gjort for Dagbladet og den målinga Sentio hadde gjort for BT i mai. Frp fekk 29,6 i BT, 20,6 i Dagbladet. Begge målingane vart publisert laurdag.

Datagrunnlaget for fem av målingane er innsamla og levert av Norstat.

Norstat publiserer to målingar i eige namn. Det er ei måling for NRK og ei for Vårt Land.

Norstat leverer også datagrunnlaget for to målingar som Sentio produserer. Det er ei måling som blir utarbeidd for Bergens Tidende og ei måling for Dagens Næringsliv.

I alle desse fire målingane blir datagrunnlaget innhenta gjennom telefonintervju.

I den femte målinga som Norstat utfører for Opinion, blir datagrunnlaget innhenta frå eit web-panel. Instituttet sender her ut oppmoding på e-post til eit utval personar av eit panel på 70.000 databrukarar, opplyser Erling Eriksen i Norstat.

ARKIV