— Vi veit at mannen kom i klem mellom traktoren og skuffa bak, men kjenner enno ikkje til kor alvorlege skader det er snakk om, seier operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Ulykka skjedde under arbeid på ein gard i området ved 13.30-tida fredag. Den eldre mannen skal ikkje ha vore aleine da episoden inntraff.