— Det har vore kraftig snøvêr i området, og traileren har sannsynlegvis sklidd av vegen i ein sving, seier operasjonsleiar Svein Sørensen i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Tyngre køyretøy kan ikkje passera på ulykkesstaden.

— Me har heldigvis fått forbi mindre køyretøy så langt, men vegen vil sannsynlegvis snart bli heilt stengt. Ein mobilkran er på veg for å få bort traileren, seier Sørensen.

Vegstenginga kan ramma påsketrafikken som skal til Stord, Haugesund og Stavanger.

— Så langt har det gått bra, men dei som kjem frå fjellet må jo passera her, seier operasjonsleiaren.

Politiet fekk melding om trailervelten klokka 11.00.