Dette skjedde først halvtanna år etter at ransakinga og pågripinga var gjennomførd.

Militærpolitiet hadde nokre månader tidlegare freista å leggje vekk saka «etter bevisets stilling». Det ville innebere at det ville hefte noko ved oberstløytnanten som hadde vore mistenkt og sikta for underslag av militært materiell.

Sterk kritikk

Militærpolitiet har fått klar kritikk for framferda si i denne saka.

Generaladvokaten har i ei eiga fråsegn slege fast at det sivile politiet skulle ha overteke saka, og at militærpolitiet berre skulle ha medverka etter direkte oppmoding frå det sivile politiet.

Også det sivile politiet har fått kritikk for kritikklaust å ha godteke og følgd krav frå militærpolitiet om å hjelpe til med å gjennomføre ransaking og beslag.

Begge politiadvokatane vedgår overfor Bergens Tidende at dei ikkje reflekterte over forholdet mellom militærpoliti og sivilt politi i høve til gjennomføring av bruk av tvangsmiddel, som ransaking, beslag og pågriping.

Påstand mot påstand

Påstand står mot påstand om kva som faktisk skjedde under ransakingane: Militærpolitiet hevdar at ransakingane vart leia av det sivile politiet med hjelp frå militærpolitiet.

Det sivile politiet hevdar at dei berre ytte hjelp til militærpolitiet under ransaking. Det viser at heller ikkje det sivile politiet har hatt ei klar rolleforståing av oppgåvene.

— Militærpolitiet køyrde opplegget. Vi var berre med og viste veg og for å yte hjelp dersom det trongst, seier lensmannen i Gausdal, Tor Røislien.