— Bergen tingrett har behandla ei sjukmelding for om lag to veker sidan, seier aktor i saka mot Tor Arne Uppstrøm, politiadvokat Ole Bjørn Mevatne.

Uppstrøm står tiltalt for grovt økonomisk utroskap og selskapstapping. Han skal ha fått overført i alt 17 millionar kroner frå selskapa i Mjellem & Karlsen-gruppa, som han kjøpte saman med Carl Fredrik Seim sommaren 2002. Fem veker etter dei kjøpte verftet slo dei det konkurs.

Tingretten skulle på møtet ta stilling til om sjukmeldinga gav gyldig forfall, men det gjorde ho tydelegvis ikkje. For både Mevatne og dommar i saka, Beate Blom, seier at saka skal byrje som planlagt 5. januar.

Det kan anten bety at retten har underkjent sjukmeldinga, at dei ikkje vil ta stilling til ho før Uppstrøm sjølv møter i retten, eller at dei vil føre saka utan Uppstrøm i salen.

London-baserte Uppstrøm vart òg sjukmeld då saka mot han, Carl Fredrik Seim og Bertram Vedeler byrja i februar 2007. Retten underkjende sjukmeldinga, men valde til slutt å køyre saka utan Uppstrøm. Seim og Vedeler vart begge dømde, medan saka mot Uppstrøm vart utsett.

Uppstrøms forsvarar, Erling O. Lyngtveit, ønskjer ikkje å kommentere sjukmeldinga til Bergens Tidende.

bt.no retter: I en tidligere versjon av denne artikkelen, het detfeilaktig at Tor Arne Uppstrøm var tiltalt for bedrageri. Det riktige skal væregrovt økonomisk utroskap.

FAKSIMILE: Lørdagsmagasinet 13. desember i år.