— Mor vart rett og slett psykisk sjuk av dei såkalla rehabiliteringsopphalda. Eg såg at ho ikkje vart teken vare på, at ho berre vart sitjande passiv med mange senile folk rundt seg. Eg vart deprimert sjølv av å besøke henne!

Det er bergenskvinna Aase Lill Stølen som fortel om korleis mora opplevde åra då ho periodevis var innom ei rekke av kommunens sjukeheimar. Og om korleis familien til slutt valde å takle problema med ei slagramma mor som berre såg ut til å oppleve nedturar. I Nordfjord bur to søsken av Aase Lill, blant anna søstra Elin.

Stigande uro

Mor deira, 75-årige Aud Stølen, er tungt pleietrengande etter nerveproblem og fleire slag dei siste 20 åra. Seinsomma-ren 2001 var ho svært dårleg, trass i mange opphald på institusjonar i Bergen. Familien såg med stigande uro på utviklinga, fortel Elin Stølen, som flytte til Nordfjord frå Bergen for meir enn 20 år sidan.

— Mor vart stadig verre, og vi forstod at noko måtte gjerast. Bror min meinte det var trist at ingen av oss kunne ta seg av henne, og eg byrja å tenke. På at vi eigentleg hadde plass, og på at alle menneske jo er frie til å flytte kor dei vil sjølv om dei er pleietrengande. Folk spurte meg om eg verkeleg ville dette, om eg hadde tenkt gjennom kva eg gjorde. Eg heldt på å slå det frå meg, men fekk støtte frå blant andre døtrene mine, fortel Elin. - Så vi gjorde det, tok mor heim hit.

Saman med mannen Sigmund, som er frå Askøy, tar den utflytte bergenserinna seg no av mora heime på småbruket på Lefdalsbakke, fritt og høgt plassert med utsyn over Nordfjorden. Ho har redusert jordmorstillinga si ved Nordfjord sjukehus til femti prosent, og har fått dei kommunale hjelpetenestene til å spele på lag. Dermed flytta mora inn i kjellarstova, der ho har dei hjelpemiddel ho treng i kvardagen. Mesteparten av tida er ho sengeliggjande, men klarer å vere oppe ein del stort sett kvar dag.

"Fru Stølen kan ikke gå"

— Tidlegare var ho heilt passivisert, og pleiepersonellet fortalde søstra mi Aase Lill at "fru Stølen kan ikke gå" da ho kom på besøk. Ho bad dei hente gåstolen og sjå sjølv. Men dei hadde ikkje opplegg eller ressursar til å hindre at mor vart passiv og deprimert, ho sat stille og såg i veggen og det var berre trist. I Nordfjord meiner dei å ha fått til eit langt betre opplegg rundt mora. Med ujamne mellomrom er ho til avlasting, blant anna på sjukeheimen på Eid.

— Eg trur ikkje ressursane her er noko betre enn i Bergen, men dei har møtt mor med ein heilt anna varme og haldning. Dei ønskjer henne velkommen, viser at dei bryr seg om henne, fortel Elin Stølen. - Det same gjeld dei som kjem heim til oss og steller henne. Den 75 år gamle firebarnsmora er framleis sengeliggjande det meste av døgnet, men familien meiner det er ein stor forskjell.

— Her er ho i eit trygt miljø, blant folk og ting ho kjenner, seier Elin Stølen.

Vi er i kjellarstova saman med Aud og dottera Elin, omgitt av vegger i natur-stein og grovt treverk, samt ein svær peis.

Ein stor vedomn durar på høgt turtal, og sender bølgjer av varme ut i rommet. På bordet ved sidan av 75-åringen står brudebildet hennar. Ei smilande kvinne med stor blomsterbukett. Bildet av mannen, som døydde i 1977, heng på veggen. Ho har problem med å snakke, men følgjer samtalen med stor merksemd. Bak brilleglasa glimtar det i vakne auge, og ho klarer til ein viss grad å gjere seg verbalt forstått.

— Det går i bølgjer, men ho har både humør og galgenhumor. I dag er ho vel-dig bra, og sikkert litt skjerpa sidan det er besøk, fortel Elin.

- Sånn katt og kanin

Ho viser oss eit utklipp frå Bergens Tidende i januar i år, der overlege Stein Husebø i eit intervju set fokus på nettopp dei problemstillingane familien har vore oppe i. Tittelen er "Må mor nødvendig-vis på sykehjem?", og Husebø snakkar om livssyklusen, å lære å leve med kronisk sjukdom, og om verdien av å ta oss av våre eldre familiemedlemmer. Ikkje minst om fridom til å velje det som passar best, og at samfunnet skulle legge betre til rette for at folk kan bu heime eller hjå sine næraste siste delen av livet. Sjølv under vanskelege omstende.

Vanskelegare omstende enn på Lefdalsbakke er vondt å tenke seg. Plassen ligg på nordsida av Nordfjorden, tett ved grensa til Vågsøy kommune, milevis unna kommunesenteret Eid. Eit par ekstremt svingete, smale og bratte kilometer opp frå riksvegen nede ved fjorden.

Her har familien Stølen Larsen etablert seg med økologisk småbruk. Litt sau, ein hest, 25 mål innmark. Ho jordmor, han landbruksrettleiar. Dei har to døtrer i slutten av tenåra, og driv i tillegg beredskapsheim for barnevernet.

— Ungane her har fått lære seg å bli med å jobbe litt, lære seg både dyrestell og ein del praktisk arbeid, seier Sigmund Larsen. Han er agronom, ho jordmor. Dei kom hit for meir enn 20 år sidan. - Det var litt sånn katt og kanin, vi budde først i kollektiv, ler Elin Stølen.

Den gongen var ikkje mor Aud særleg begeistra for at dottera flytta vekk frå Bergen. I dag ville ho ikkje hatt det annleis.

MOR OG DOTTER: Sjukeheimsopphalda i Bergen verka nedbrytande og passiviserande på mor, seier Elin Stølen (til høgre). Sjølv om 75-årige Aud Stølen er tungt pleietrengande, er ikkje livsgneisten forsvunnen. Det gjeld berre å lokke den fram, og det greier folka som er rundt henne no. FOTO: ØYSTEIN TORHEIM