Medlemene av forsvarskomiteen var over seg av begeistring etter å ha fått ein tur til sjøs med eitt av dei nye fartøya i går. Berre SV sitt medlem i komiteen, Bjørn Jacobsen, var kritisk til å innpasse MTB'ane i Sjøforsvaret.

— Den kalde krigen er over. Desse fartøya er tilpassa ein annan situasjon og bør avhendast. Det vil vere mykje enklare å selje desse fartøya enn dei kystforta som det også er investert milliardar av kroner i, og som nå er nedlagt og til inga nytte, seier Jacobsen.

Elektron

I fire meter høge bylgjer og med ein fart på over 40 knop (vel 75 km i timen) fekk Umoe Mandal og Sjøforsvaret vise politikarane litt om kva dei nye fartøya er gode for.

— Dette er fantastiske fartøy med eit svært stort bruksområde. Eg kjenner meg rimeleg sikker på at dette må vi få til, seier leiaren i forsvarskomiteen, Jan Petersen (H), vel i land att etter ein time på sjøen.

Helst ynskjer Petersen å auke budsjettramma til Forsvaret med dei 200 millionar kronene som er stipulert som årlege driftsutgifter for dei seks nye MTB-ane. Men uasnett meiner Petersen det bør vere råd å innpasse drift av fartøya i forsvarsbudsjettet.

— Tenk om vi hadde hatt eit slikt fartøy under episoden med den russiske trålaren Elektron. Då ville han aldri ha klart å stikke av, seier Petersen.

- Imponerande

Ap sit med nøkkelen i spørsmålet om milliardinvesteringane i den nye klassa av MTB-ar skal kome til nytte eller om dei skal gå direkte i bøyene. Det er uvisst om det finst kjøparar.

Signe Øye (Ap), som er nestleiar i forsvarskomiteen, var svært begeistra etter båtturen.

— Dette var ei kjempeoppleving, rett og slett imponerande, seier Øye.

Ho vil ikkje svare direkte om korleis ho og Ap vi konkludere i saka.

— Men Ap har vore ein pådrivar for desse fartøya. Vi har både ei historie og eit ansvar å ta vare på. Siste ord er ikkje sagt, og vi har ikkje konkludert før alle korta er lagt. Nå blir det dialog mellom regjeringspartia og Forsvarsdepartementet fram til vi konkluderer før påske, seier ho.

- Som poteta

Øye legg til at Noreg av omsyn til interessene våre i nordområda og langs den lange kysten, må ha eit marinevåpen.

— Dette fartøyet har eigenskapar som er fantastiske og som kan nyttast til mange og varierte oppgåver. Eg vil samanlikne det med poteta. Den kan nyttast til det meste.

Per Ove Width, Frp sin hovudtalsmann og nestleiar i komiteen, er også svært imponert over eigenskapane.

— Det vil vere vanvittig å legge desse båtane i bøyene. Når ein vurderer nytten opp mot kostnadane, blir det endå verre. Vi kan drifte alle desse seks fartøya for kostnaden av ein fregatt. Bruksverdien er langt større: Dei er både havgåande og kan operere i kystnære område. Magekjensla mi seier at dette går rette vegen, seier Width.

MORO FOR VAKSNE: Dette var ei kjempeoppleving, seier stortingsrepresentant Signe Øye (Ap) etter å ha fått nytte styrespakane på KNM Skjold i nær 40 knops fart. Her saman med ein like begeistra komitéleiar Jan Petersen.
Kristin Ellefsen
HAV OG SKJERGARD: Dei nye MTB-ane på 47,5 meter er både havgåande og kan operere i kystnære område. Forsvarskomiteen fekk ein prøvetur i går.
Kristin Ellefsen