Opposisjonen på Stortinget er langt frå nøgd med den skriftlege orienteringa forsvarsministeren overleverte like før midnatt, natt til i går.

Dei parlamentariske leiarane for opposisjonen krev nå at forsvarsministeren snarast råd kjem til Stortinget og gjev Stortinget ei orientering om legedekninga nå og framover for dei norske styrkane i Afghanistan.

Ein stamstemmig kontrollkomite vedtok i går å opne sak og å gjennomføre kontrollhøyringar. Saksordførar blir Ola T. Lånke (KrF) som er visepresident i Lagtinget.

Dato for høyringa er ikkje fastsett, men truleg blir det tysdag 4. desember.

Kjernepunkt

Opposisjonen vil ha forsvarsministeren til å gjere greie for når og korleis statsråden meiner å ha informert Stortinget om legesituasjonen for dei norske styrkane i Afghanistan.

Dette er eit kjernepunkt for ein samla opposisjon. Hittil er det ingen som har kunna påvise at Stortinget på noko tidspunkt er blitt orientert om den mangelfulle legedekninga.

Leiaren i kontrollkomiteen, Lodve Solholm (Frp), seier til Bergens Tidende at han er overtydd om at Stortinget aldri ville ha gått med på å sende fleire nye norske soldatar for å delta i skarpe oppdrag i Afghanistan om Stortinget var blitt orientert om svikten i legedekninga.

Undrande

Opposisjonen stiller seg også undrande til opplysningane frå statsråden om at både ho og forsvarssjefen meiner at generalmajor Leif Sverre Rosén sine ytringar om legesituasjonen til media i vår, var fullt ut akseptable.

Opposisjonen vil førebels ikkje seie med reine ord at dei ikkje festar lit til forsvarsministeren si framstilling. Men fleire av opposisjonspolitikarane lar det skine igjennom at dei ikkje utan vidare tek framstillinga for god fisk.

— Kvifor var det naudsynt med ein eigen avtale om teieplikt dersom dei meinte at han var i sin fulle rett til å uttale seg. Dette heng ikkje saman, seier Per-Kristian Foss (H) til Bergens Tidende. Han er medlem av kontrollkomiteen.

Nye spørsmål

— I kva grad denne framstillinga er truverdig, bør bli eit tema under kontrollhøyringa, seier Høgre-leiar Erna Solberg.

Solberg meiner at det burde vore fullt mogeleg for forsvarsministeren å seie at pålegget om teieplikt var eit hendeleg uhell. Men statsråden har ikkje valt den utvegen.

— Brevet frå forsvarsministeren gjev grunnlag for å stille ei rad nye spørsmål, seier KrF-leiar Dagfinn Høybråten til Bergens Tidende.

Si din mening om krangelen i Forsvaret!

VEDTOK HØYRING: Kontrollkomiteen under gårsdagens møte. På biletet visepresidenten på Stortinget, Carl I. Hagen og komiteleiar Lodve Solholm (begge Frp), nestleiar Inge Ryan (SV) og andre nestleiar Svein Roald Hansen (Ap), pluss dei to komitesekretærane Kirsten Eknes og Hanne Koll Larssen.
Bjelland, Håvard