• Ein gjennomsnittsbonde har fått auka inntekta si med rundt 20.000 kroner frå 2001 til i fjor.

Det blir ein del av bakteppet for årets jordbruksoppgjerd, sa landbruksminister Lars Sponheim då han møtte bønder på heimebane i Ulvik måndag kveld.

Auken har ikkje kome av fjorårets oppgjerd åleine. Mykje har samanheng med endringar i avgiftsreglar og andre økonomiske føresetnader, som også har effekt på landbruket.

I tillegg vil eit kunstgrep som Regjeringa må ta for å berga kraftkrevande industri, føra til at også bøndene slepp el-avgift.

Sponheim gav på møtet uttrykk for at ei meir eller mindre tilfeldig inntektsforbetring i eit einskilt år, ikkje bør få avgjerande innverknad på jordbruksforhandlingane. Han ville sjå fleire år i samanheng. Men han var stygt redd for at situasjonen gjer det vanskeleg for regjeringa å imøtekoma bøndene sine krav i år.

Leiaren i Hordaland Bondelag, Nils T. Bjørke, understreka sterkt at inntektsutviklinga må sjåast i samanheng over fleire år. Den viser at bøndene har kome svært dårleg ut.