KJERSTI MJØR TERJE ULVEDAL

  • — Det er ikkje lenger sosialt akseptert å vere sjenert, hevdar spesialpedagog Kirsten Flaten.
    • Vi har vanskelegare for å få vener. Det gjer oss meir isolerte, seier 14-åring, som har gått på kurs for å takle sjenansen. For berre nokre generasjonar sidan vart sjenanse sett på som ein dyd.

    Men synet har endra seg etter kvart som valfridomen er blitt større. Karrierevegane er mange, og den sosiale mobiliteten stor. Vi reiser meir enn før, og møter fleire nye menneske i løpet av ein månad enn besteforeldra våre gjorde på eitt år. På tv realiserer unge folk seg gjennom Idolkåringar og reality-serier.

    — I dag blir det forventa at vi skal bruke albogene, «slå oss fram», for å oppnå det vi vil. Det er ikkje lenger sosialt akseptert å vere sjenert, hevdar spesialpedagog i BUP i Helse Førde, Kirsten Flaten.

    Flest jenter sjenerte

    Hovudet føles tomt, munnen tørr og magen uroleg. Dei fleste av oss kjenner igjen denne kjensla, som kan dukke opp når vi skal snakke til forsamlingar, eller delta i uvante sosiale situasjonar.

    Seksti til sytti prosent av oss går gjennom sjenerte periodar i løpet av livet. Tilstanden oppstår som regel i puberteten - oftare hos jenter enn gutar - og dei fleste veks det av seg. Men ikkje alle.

    Hos nokre blir tilstanden forverra i vaksen alder.

    — Ekstrem sjenanse kan virke funksjonshemmande, og utvikle seg til angstproblem i voksen alder, seier Flaten.

    Ho har skrive hovudfagsoppgåve i psykologi om sjenanse, og held mestringskurs for sjenerte personar.

    Støyter andre frå seg

    Sjenanse blir først eit problem, når han legg store avgrensingar på livsutfaldinga. Som når det å ta ordet i lunsjen blir utenkeleg på grunn av redsla for å seie noko dumt, eller få dei andre sine blikk mot seg. Fordi svært sjenerte personar ofte opplever seg sjølv som keisame og uinteressante, håper dei at andre tek ansvar og seier noko.

    — Du støyter andre frå deg, sjølv om du gjerne vil ha kontakt. Du lar vere å gjere ting, fordi du ikkje tør. Og du er redd for at andre skal le av deg, seier Flaten.

    Sosial fobi

    Den amerikanske psykologen Philip Zimbardo definerer sjenanse som «å vere redd for andre si vurdering». Han hevdar at det til alle tider er fire prosent av oss som er «truge blue shy», som betyr sjenert i alle situasjonar.

    Tilstanden er angstrelatert, grensar tett opp til sosial fobi, og er truleg medfødd.

    — Kan sjenanse kurerast?

    — Jo, men litt sjenanse skal ein ha! Det er bra, fordi ein ofte blir flinkere sosialt. Men sjenansen bør ned på et nivå der han er sjarmerande, ikkje øydeleggjande.

    LÆRER Å TAKLE SJENANSE: Jentene Sylvia Joo Sargenius, Malin-Charlotte Ødemark og Trine Lange (rekna f.v.) har gått på kurs for å lære å handtere å vere sjenert. Sosionom Aase Britt Øygard (t.v.) og spesialpedagog Kirsten Flaten (t.h.) lærer frå seg teknikkar og prøver å styrke sjølvbildet.<p/>FOTO: ØYSTEIN TORHEIM