Med Øyvind Halleraker i spissen presenterte seks Høgrepolitikarar i går sine visjonar om ein høgfarts jernbanering for Sør-Noreg i Stortinget. For 100 milliardar kroner vil dei i løpet av 10 år bygga 1000 kilometer nye jernbanespor med 100 års levetid. Når dei ti åra går mot slutten, ser dei for seg at anleggsarbeidet er flytta nordover på ei line mot Trondheim og Ålesund.

Samfunnsøkonomi

— 10-12 milliardar kroner i året er ikkje meir enn at det kan finansierast innanfor handlingsregelen for oljeinntektene, seier Øyvind Halleraker.

Han understrekar dei store samfunnsmessige innsparingane først og fremst i CO2-samanheng.

— Eg har registrert at yngre folk er skeptiske til at vi skal bruka for mykje av oljeformua, men høgfartstog har fått god mottaking. Dette er ei investering for framtida, seier Halleraker.

— Kvifor ein stor ring rundt heile Sør-Noreg, i staden for snarvegen over Haukeli?

— Ikkje eit vondt ord om Norsk Bane AS og deira Haukelibane, men alternativet vårt er ulikt. Vi vil ha jernbane der folket bur, om lag tre firedelar av folketalet i landet. Likevel har vi fått til gunstige reisetider både på lange og korte distansar. Med dette bind vi saman Sunnhordland, Haugalandet og Stavangerområdet til ein felles arbeidsmarknad.

Spenstig plan

Etter planen skal det gå 20 tog i døgeret som køyrer nonstop mellom Bergen og Oslo. Innimellom vil det gå regionale tog som stoggar på stasjonar som Voss, Norheimsund og knutepunktet Eikelandsosen.

— Der det kan stigast om til Vestlandsbanen mot Stavanger. «Somletoget» vil bruka to timar og 54 minutt mellom Bergen og Oslo, fortel Halleraker.

— Og på Myrdal kan samferdsleministeren og andre sogningar ta kjempeheis til bussen?

— Ja, dette er vel det spenstigaste framlegget i heile pakken.

Heile planen må tevle med planane om svære hengebruer og milelange undersjøiske tunnelar.

— Når det gjeld jernbane opererer vi med kjend teknologi og kartlagte grunntilhøve. Det må i stor grad verta eit samarbeid med vegstellet. Kombinerte bruer for bilar og tog er ikkje uvanleg i andre land.

Treng vitalisering

— Vil Høgre no røysta mot dobbeltspor mellom Bergen og Arna på statsbudsjettet i haust?

— Nei, det ligg ikkje til rette for det. Hadde eit vedtak om høgfartsbane vore nært føreståande, kunne det vore aktuelt. Med høgfartsbane via Eikelandsosen og Nesttun, og ein vegtunnel gjennom Ulriken, er det nok med eitt spor til Arna.

— Enn Ringeriksbanen?

— Den blir også overflødig. Jernbane gjennom Numedal er klart det beste alternativet for høgfartsbanen. I tillegg vil ein kunne spare rullebane nummer tre på Gardermoen, sidan høgfartstoget vil ta over mykje av flytrafikken.

— Kva skjer dersom samferdsleministeren heiter Øyvind Halleraker etter valet i 2009? Kan det bli for stor fallhøgd?

— Eg har fått overraskande god støtte i Høgre si gruppe for desse ideane. Vestlandet treng ei slik vitalisering. Elles blir vi sitjande att med ein forelda infrastruktur, medan området rundt Oslo og mot Gøteborg dreg ytterlegare frå. Prosjektet toler samanlikning med Oslopakke 3 til 55 milliardar kroner. Dessutan er to av forslagsstillarane medlemer av finanskomiteen, legg Halleraker til.