OVE ARNE OLDERKJÆR

Stord

To av åtte ankerkjettingar bleir rivne av, stigerøyret frå riggen og 362 meter ned til botnen er truleg knekt og falle av. Inspeksjonar i løpet av dagen i dag avgjer om den 22 år gamle, amerikanskeigde riggen må til lands for reparasjon. Det var vindkast opp mot orkan styrke seint tysdag kveld.

— Vi drøftar om det skal setjast ned ei granskingsgrupe etter det som skjedde. Det dreier seg om ei uønskt hending som vi ser alvorleg på, seier mediekontakt Inger Anda i Petroleumtilsynet til bt.no.

Riggen borar for tida for operatøren Eni på Haltenbanken, og skal frå nyttår etter planen bora for Statoil.

Det var aldri fare for utblåsing på Haltenbanken i natt. Riggen hadde enno ikkje bora ned til reservoaret, og sikringsventilen (Blow Out Preventer-en) var kopla til før vêret forverra seg i går kveld.

Pressetalsmann Snorre Olaussen i Eni Norge seier at selskapet ikkje har undervurdert riggen for såpass tøffe vêrforhold som det kan vera utanfor norskekysten. Ocean Vanguard er ein tredje generasjons borerigg, ein Bingo 3000 bygt i Brevik i 1982.

— Vi meiner alt er i orden med riggen. Her dreidde det seg om unormalt høge bølger på over 21 meter som slo over stigerøyrdelen på riggen før midnatt, seier Olaussen. Operatøren har til no ikkje fått opplysningar om skader på sjølve riggen.

Ocean Vanguard er klassa av Det norske Veritas, er eigd og blir drive av Diamond Offshore. Riggen fekk Petroleumstilsynets samsvarsuttale i juli i år.

Eit vaktfartøy og eit supplyskip er no rundt riggen. Utover dagen kjem ytterlegare to skip til området for å gjera undersøkingar og førebu eit eventuelt slep.

23 av 86 ombordverande blei evakuerte i helikopter til Heidrun-plattforma på Haltenbanken i natt. Berre seks av mannskapa om bord var norske, fire av dei er enno på riggen.